Kraftig vekst i saker om familievald mot barn

Tal frå Søraust politidistrikt viser at talet på saker som omhandlar vald i nære relasjonar der barn er involverte, har dobla seg sidan i fjor vår.

Tala er henta ut av statsadvokatane i Vestfold, Telemark og Buskerud, som har gjort inspeksjon hos politidistriktet, skriv Rett24.

Rapporten frå statsadvokatane viser at det har vore ein auke på 113,4 prosent i saker om vald i nære relasjonar der barn er anten fornærma eller vitne i første tertial i år, samanlikna med første tertial i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Undersøkinga gjeld Søraust politidistrikt, som har hovudsete i Tønsberg, men i rapporten skriv statsadvokatane:

«Økningen av antall anmeldelser er ikke unikt for Sørøst politidistrikt. Tilsvarende økning er en nasjonal trend».

Assisterande riksadvokat Knut Erik Sæther seier Riksadvokatembetet følgjer nøye med på utviklinga.

– Det er behov for ein nærare analyse før det kan seiast noko sikkert om årsakene til auken. Det er sjølvsagt nærliggjande å sjå på ein mogleg samanheng med koronapandemien, men auken av talet på politimeldingar i første halvår 2021 kan òg ha andre årsaker, seier han til Rett24.

Tala viser òg at det har vore ein auke i saker som omhandlar valdtekt av barn på 57,1 prosent i same periode. Statsadvokatane påpeikar likevel at auken blir anteken å komme av at det vart registrert færre saker under starten av koronapandemien. I same periode i 2019 låg talet på saker som omhandla valdtekt av barn på omtrent same nivå som i år.

(©NPK)