Nedgang: Ketil Kvaale, administrerande direktør i Vest-Telemark kraftlag (VTK) fortel spotprisen søkkte med 63 prosent frå september til oktober. Foto: Geir Ufs

Kraftig reduksjon i straumprisen, men den skal truleg opp att

I oktober var spotprisen på straum heile 63 prosent lågare enn månaden før, melder kraftlagssjef Ketil Kvaale.

Oktober var årets nest billigaste månad målt etter gjennomsnittleg spotpris – 1,32 kroner per kilowattime før moms er den lågaste prisen sidan februar, då den var på 1,21 kroner/kWh.

Oktoberprisen var høvesvis 63 og 64 prosent lågare enn i september og august. I august var prisen på heile 3,64 kroner Det er ein prisnedgang på 63 prosent i høve til september og 64 prosent i høve til august – som er den dyraste månaden i historia med 3,64 kr/kWh.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Årsaka til det kraftige prisfallet er at gass har hatt ein prisnedgang på 70 prosent siste to månader. Det har senka marginalkostnaden på kraftproduksjon i Nord-Europa, altså gasspris pluss CO2-kvoter frå om lag 5 kroner kWh til kring 2 kroner per kWh, forklarar kraftlagssjef Ketil Kvaale.

Prisutvikling: Spotpris siste to år. Foto: Ketil Kvaale/VTK

– I tillegg har det enkelte dagar vore stor produksjon av vindkraft som har pressa prisen under marginalkostnaden for gasskraft.

Kvaale fortel at både gasslagra i Europa og vassmagasina i Sør-Norge har blitt godt etterfylte i haust. Nasdaq-marknaden, der ein spekulerer i prisar fram i tid, trur likevel at prisen vil stige utover vinteren.

– Mykje er avhengig av prisutviklinga på CO2-kvoter, som kol og gasskraftverk må kjøpe inn, og sjølvsagt prisutviklinga på gass, seier Kvaale.