Køyrde rusa – mista lappen i to år og fekk 10 000 i bot

Ein vesttele i 40-åra vart ein septemberdag i fjor haust stoppa på Kongsberg då han køyrde bil påverka av det narkotiske stoffet THC, tetrahydrocannabinol, eit psykoaktivt stoff ein finn i hasj eller cannabis.

Vesttelen hadde ei tid tidlegare blitt teken for bruk av hasj i heimen sin, og politiet fann også 0,7 gram hasj på mannen då han vart stoppa på Kongsberg.

Vest-Telemark tingrett meinte det narkotiske stoffet som mannen hadde teke då han vart stoppa tilsvara ein alkoholkonsentrasjon på over 1,2 promille.

Artikkelen held fram under annonsen.

Retten dømte mannen til fengsel i 14 dagar og ei bot på 10 000 kroner.

Vesttelen mistar også retten til å ha førarkort i to år.