Køyrde moped i fylla

Vest-Telemark tingrett har dømt ein 18-åring frå Vest-Telemark til 30 timar samfunnsstraff, som må vere gjennomført innan 90 dagar, ei bot på 5000 kroner og sperrefrist for førarkortet for ein periode på to år.

Bakgrunnen for dommen var at den unge vesttelen ei juninatt i fjor sommar køyrde moped på Notodden, trass i at han ikkje hadde gyldig førarkort og var påverka av alkohol. Ei blodprøve tatt av mannen viste at han hadde 1,29 i promille.