Kortreist aktivitetstilbod fengja

Dei 26 ungdommane som hadde meldt seg på aktivitetstilbodet til Vinje kommune fekk sjå Vinjevatn i fugleperspektiv då dei blei tatt med på helikoptertur.

Med godt over 25 grader og skyfri himmel var det ei tilnærma perfekt ramme for samlinga på Uen.

– Eg synest det har vore ganske koseleg eg, svarar 13-åringen Edvin Aleksander Moberg Vaa frå Rauland på spørsmål om korleis han har hatt det.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har vore på sup-brett, padla og køyrd litt motorbåt, men det artigaste er å vere saman med folk eg kjenner, seier han.

Abdulsalam Saifieddin frå Åmot, også han 13, var samd med Edvin om at det var artig på Uen.

– Eg prøva å bade, men det var veldig kaldt, konstaterer han.

Stas: 13- åringane Edvin Aleksander Moberg Vaa (t.v.) og Abdulsalam Saifieddin synest det var stas med helikopter på Uen.

– Gjekk greitt då eg mista kjensla i tærne

Det var ikkje alle som lét seg skremme av det kalde vatnet.

– Ann Sofie er galen, ho sumde heilt frå Sandnes, fortel Ane Slåtta (13) frå Åmot.

Symjaren sjølv, Ann Sofie Winther Bue (13) frå Edland, meinte bragda ikkje var så imponerande som venninna påstod.

– Det var litt kaldt til å begynne med, men det gjekk heilt fint så fort eg mista kjensla i tærne, ler ho.

Dei er samde om at aktivitetstilbodet er eit positivt tiltak.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje alle som har moglegheit til å reise på ferie, så det er veldig bra at me har eit slikt tilbod, seier Ann Sofie.

Prisen er dei òg godt nøgde med.

– Når det ikkje kostar meir enn 150 kroner kan me ikkje klage, slår Ane fast.

Godt tilbod: Ann Sofie Winther Bue (t.v.) og Ane Slåtta (begge 13) synest aktivitetstilbodet Vinje-ungdommen har i sommar er godt.

Udiskutabelt høgdepunkt

Trass i eit imponerande aktivitetstilbod var det likevel ikkje særleg tvil om kva det store trekkplasteret var for dei fleste av ungdommane – det var nemleg eit helikopter på veg over Haukelifjell for å ta dei med på ein luftig sightseeing over Vinjevatn då VTBs utsending kom til Uen.

– Det var veldig morosamt, men det bråka fælt, konkluderte Torjus Mundal Ljostad (14) frå Åmot etter vel gjennomført flytur.

Aktivitetsdag: Høglytt moro: - Det var veldig artig, men det bråka fælt, var skussmålet frå Torjus Mundal Ljostad (14) (i midten) etter helikopterturen. Tarjei Gøytil (14) (t.v.) og Olav Gøytil (13) sa seg einige.

Leiar for friviljugsentralen i Vinje, Ea Kristine Bakken, hadde lita tru på at det skulle bli helikoptersightseeing då ideen om eit flygande aktivitetstilbod fyrst blei lufta.

– Det blei fyrst føreslått å reise til Notodden for å fly småfly, men me kom fram til at det var litt i overkant skummelt. Etter litt diskusjon fram og tilbake kom me fram til at det er statistisk sett mykje farlegare å køyre bil, så då sløyfa me like godt bilturen og fekk helikopter hit i staden, humrar Bakken.

– Mange tenker kanskje at det er litt råflott med helikopter, men sidan me held oss lokalt sparar me ein del pengar, og dette kostar omtrent det same som ein busstur til Tusenfryd, forklarar assisterande rådmann Anders Sandvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utstyr til utlåns

– Forutan temperaturen i vatnet har me vore utruleg heldige. Det er ungdommar frå alle bygdene i kommunen, og det verkar til at dei kosar seg veldig, mange prøvar aktivitetar dei aldri har gjort før, seier Sandvik.

Redningsaksjon: Anders Sandvik måtte nytte eit sup-brett for å redde eit telt som vart blåst på vatnet av helikopteret.

Kommunen har fått tilskot frå Bufdir til mykje av utstyret som blir nytta i aktivitetstilbodet.

– Me har mellom anna kjøpt seks sup-brett, to lavvoar, fire feltsenger, ein kano og volleyballutstyr. Alt dette er tilgjengeleg for utlån gjennom utstyrsbanken på friviljugsentralen, opplyser Bakken.