Kyrkja førebur no konfirmasjonane for i år, som i vår vart utsette som følgje av koronautbrotet. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

Konfirmasjonane i haust går som planlagt

Årets konfirmasjonar skal gjennomførast i haust, i tråd med smittevernreglane, opplyser Den norske kyrkja. Konfirmasjonane i vår vart utsette etter koronautbrotet.

Deltakarar som ikkje tilhøyrer same husstand, må halde minst éin meters avstand.

– Kyrkja vil leggje til rette for at så mange som mogleg kan delta. Mange stader blir det derfor halde fleire gudstenester enn vanleg. Det gjer vi for at dei som ikkje bur saman, kan halde avstand til kvarandre, seier direktør Ingrid Vad Nilsen i Kyrkjerådet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Maksimalt 200 personar kan delta, føresett at alle som ikkje bur saman, kan halde 1 meters avstand skulder til skulder. Makstalet i den enkelte kyrkja vil derfor variere.

Kyrkjene stengde 12. mars, for første gong sidan mellomalderen, på grunn av koronakrisa. Gudstenester vart haldne på nett, og både bryllaup, dåp og gravferder vart råka av tiltaka.

Også dei borgarlege konfirmasjonane vart utsette i vår.

– Konfirmasjonane går som planlagt, føresett at det ikkje kjem nye smittevernreglar som stoppar det på eit tidspunkt, seier generalsekretær Trond Enger i Human-Etisk Forbund til NTB.

Dei første seremoniane blir haldne allereie førstkomande laurdag og skal etter planen halde fram heile hausten og fram til januar.

(©NPK)