Våte og fornøgde Tokke-konfirmantar: Ole Gunnar Lio Hermansen (f.v.), Knut Jørgen Løvold Askje, Sigrid Godtland og Johanna Bratland Høgset kom våte, men nøgde inn frå tysdagens Fasteaksjon.

Konfirmantar og kyrkjelydar i Vest-Telemark samla inn 155 000 kroner

I tillegg til dei 155 000 kronene er det også samla inn til Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon på Vipps. Dette resultatet kjem ikkje før i juni.

Det opplyser prostidiakon Eilev Erikstein til VTB. Han meiner Fasteaksjonen syner at det ikkje er slutt på kontantane.

– Når folk verkeleg vil støtte noko, slik som Fasteaksjonen, gjev folk det dei har. Gjennom bøsseaksjonen får ein mange gode møte i døra, ikkje minst – det er ein god grunn til å halde på den gode og gamaldagse dør-til-dør-aksjonen, seier Erikstein.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rekna ut frå tidlegare Fasteaksjonar kjem 2 av 3 kroner i kontantar, resten frå Vipps.

– Så er det berre å takke alle som på ein eller annan måte stiller opp. Anten det er med bøsse, som sjåfør, kaffikokar eller oppteljar. Kjapt rekna er 150 menneske aktive gjennom Fasteaksjonen, fortel prostidiakonen.

– For konfirmantane er dette ei diakonal oppgåve. Det er ein viktig læringsarena at det gjer godt å gjere ein innsats for andre og å dele med seg, legg han til.

Fasteaksjonen er ein av landets største bøsseaksjonar og har blitt arrangert sidan 1967. I fjor blei det samla inn totalt 35 millionar kroner i Noreg. Så langt i år er talet 21 millionar.

Fasteaksjonen
Tokke35 000
Vinje40 000
Fyresdal23 000
Nissedal17 000
Kviteseid 25 000
Seljord15 000
Gode pengeteljarar er viktig: For Eidsborg, Mo og Skafså var det Tone Dale Solvang (t.v.) og Tone Solli Lundestad som heldt orden på kontantane.