Kommuneoverlege: Anne Ruth Syrtveit Mikalsen.

Kommuneoverlegen med vaksinestatus i Kviteseid

209 personar i Kviteseid kommune har fått AstraZeneca-vaksinen.

Torsdag 11. mars blei all vaksinering med AstraZeneca stoppa mellombels inntil det var avklart om det var ein samanheng mellom vaksinen og nyleg meldte alvorlege sjukdomar hos vaksinerte personar.

– Eg er sikker på at FHI, Helsedirektoratet og Legemiddelverket gjer ein grundig jobb med å avklare om vaksinen er sikker eller ikkje. Inntil vidare er alle som har fått AstraZeneca vaksinen, inkludert dei i Kviteseid, bedne om å vera ekstra merksame på biverknader, skriv kommuneoverlege Anne Ruth Syrtveit Mikalsen på kommunen si Facebook-side.

Artikkelen held fram under annonsen.

Feber, hovudpine, muskelverk og leddsmerte er vanlege biverknader for både Pfizer og AstraZeneca, og ikkje noko å vera engsteleg for, melder kommuneoverlegen.

– Dei som derimot opplever kraftig hovudpine, monaleg redusert allmenntilstand og blåmerke på huda dei fyrste to vekene etter vaksineringa, ynskjer me skal kontakte lege/legevakt for å diskutere situasjonen og eventuelt få tatt ein kontroll, er meldinga frå kommuneoverlegen.

– Det er viktig at me held fram med vaksineringa slik at me kan få til ei normalisering av samfunnet igjen, held ho fram.

11 dosar i kjøleskåpet

Totalt 209 personar har fått AstraZeneca-vaksinen i Kviteseid kommune. Alle som har fått denne vaksinen er under 65 år. Fram til tysdag 9. mars var AstraZeneca berre godkjent for personar i aldersgruppa 18-64 år. Då meldinga om at vaksinen var godkjent for alle, hadde kommunen alt kalla inn innbyggjarar til vaksinering.

I veke 9 fekk 110 personar vaksinen. 10. mars blei ytterlegare 99 personar vaksinerte med AstraZeneca, det var både helsepersonell og innbyggjarar i alderen 18–64 år.

Etter at vaksinen blei mellombels stoppa har kommunen 11 vaksinar ståande i kjøleskåpet på helsesenteret. Om dei ikkje blir bruka før 5. april må dei kasserast.

Har kome til aldersgruppa 80 år

I veke 10 var det 30 personar som fekk Pfizer si covid-19-vaksine. Dei fleste av desse personane fekk dose nummer to og er dermed no fullvaksinerte. Denne veka har kommunen fått 30 dosar. Dei er sett på 30 personar som fekk sin fyrste dose. No er intervallet endra på dei som får vaksinering. Tidlegare skulle dosen bli sett tre veker etter fyrste dose, no er det seks veker. Yngste vaksinemottakar onsdag var 80 år gamal.

– Me arbeider oss nedover i aldersgruppene frå veke til veke, melder kommuneoverlegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Neste veke skal kommunen vaksinere 48 personar med Pfizer.