Kommuneoverlege Marius Opsahl og sjukepleiar Torhild Fjellstad i Vinje.

Kommuneoverlegen kjem med ei klar oppmoding til kvinner

Ei enkel livmorhalsprøve kan oppdage celleforandring tidleg og førebyggje livmorhalskreft. Kommuneoverlege Marius Opsahl oppmodar nå alle kvinner mellom 25 til 69 år til å delta i Sjekk deg-kampanjen. 

Publisert

I Noreg har me eit nasjonalt screeningprogram for livmorhalskreft (Livmorhalsprogrammet), som omfattar kvinner i alderen 25 til 69 år. Helsedirektoratet og Kreftregisteret tilrår jamleg testing – vanlegvis kvart tredje til femte år, avhengig av alder og tidlegare prøvesvar. Kvinner får automatisk påminning frå Kreftregisteret når det er tid for ny prøve, seier Marius Opsahl, kommuneoverlege i Vinje.

Det er ekstra fokus på dette nå i januar, fortel kommuneoverlegen.

Tal frå Kreftregisteret viser at om lag 64 prosent av kvinnene som får livmorhalskreft i Noreg, ikkje hadde teke livmorhalsprøve dei siste 3–4 åra før diagnosen. Det betyr at fleirtalet av tilfella rammar kvinner som ikkje har følgt tilrådingane. 

– Dette viser kor viktig det er å delta i screeningprogrammet, seier Opsahl.

Ei enkel undersøking med stor effekt

Å ta livmorhalsprøve hos fastlegen tek berre nokre få minutt. Prøva blir teken med ein liten børste som samlar celler frå livmorhalsen, og dei fleste opplever lite eller ingen ubehag, fortel Opsahl. Screeningprogrammet fangar opp celleforandringar tidleg, ofte før ein får symptom. Når slike forstadium blir oppdaga i tide, kan dei behandlast og kreft kan i mange tilfelle bli unngått.

Livmorhalskreft utviklar seg vanlegvis sakte over fleire år, og i tidlege fasar gir sjukdommen ofte ingen teikn. 

– Difor er jamleg kontroll viktig, også for dei som kjenner seg friske, seier Opsahl. 

Kvart år blir mange krefttilfelle førebygde i Noreg som følgje av screening. Det faglege miljøet håpar at livmorhalskreft kan bli så godt som utrydda innan 2039, gjennom kombinasjonen av screening og vaksinasjon.

Heimetest

HPV (Humant Papillomavirus) er ei virusgruppe som kan gje celleforandringar som over tid kan utvikle seg til kreft. HPV er årsaka til nesten alle tilfelle av livmorhalskreft.

Ein kan også ta ein test heime – ein såkalla HPV-heimetest. Dette er sjølvtestar for livmorhalsen. Målet med heimtestane er å senke terskelen for å sjekke seg. 

– Det kan vere mange grunnar til at nokon kvir seg for ei gynekologisk undersøking – til dømes tidlegare ubehagelege opplevingar eller praktiske hinder. For desse kan ein sjølvtest vere eit godt alternativ. Dersom heimtesten påviser HPV, vil du bli følgd opp vidare hos lege med vanleg livmorhalsprøve og eventuell behandling, seier Opsahl.

Vaksine

HPV-vaksinasjon er ein annan viktig del av førebygginga.  Vaksinen blir tilbydd gratis til alle i 7. klasse som del av barnevaksinasjonsprogrammet. Vaksinen gir, ifylgje kommuneoverlegen, om lag 90 prosent vern mot alvorlege forstadium til livmorhalskreft og bidreg til å redusere spreiinga av viruset i befolkninga.

Det er også høve til å vaksinere seg i vaksen alder. 

Sjekk deg-kampanjen er del av eit breiare fokus på kvinnehelse. Kvinner blir oppmoda til å ta kontakt med helsetenesta ved symptom som uregelmessige blødingar, smerter i nedre del av magen eller unormal utflod. Slike symptom skal alltid bli undersøkt, også dersom ein nyleg har hatt normal prøve, understrekar Opsahl.

Kommuneoverlegen oppmodar alle kvinner i Vinje og Vest-Telemark til å ta vare på eiga helse: 

– Bestill time for livmorhalsprøve når du får påminning, eller be om HPV-heimtest dersom det passar betre. Det er eit lite tiltak som kan vere livsviktig.

Powered by Labrador CMS