Arbeidsbelastninga for kommuneoverlegane auka kraftig då koronapandemien kom til Noreg, viser ei undersøking frå Legeforeningen Illustrasjonsfoto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

Kommuneoverlegar tyngde av koronapandemien

Arbeidsbelastninga for kommuneoverlegane i landet auka kraftig då koronapandemien kom til Noreg, viser ei undersøking frå Legeforeininga.

Då pandemien trefte, fekk dei meir enn dobbelt så mykje å gjere, skriv Aftenposten om undersøkinga. Ei av årsakene var at behovet for informasjon var stort.

– Den største forskjellen på februar og no er at vi ikkje berre har dagjobb med helgefri. Vi må vere tilgjengeleg nær sagt heile døgnet, seier kommuneoverlege Bjørg Dysthe i Bærum. Ho er éin av tre kommuneoverlegar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No er kvar dag ein unntakstilstand, seier Dysthe til avisa.

Kommuneoverlegar har ansvar for smittevern og folkehelse, og undersøkinga frå Legeforeininga viser at det i over halvparten av kommunane i landet berre er éin kommuneoverlege.

I 35 kommunar er det mellom to og fire, medan i sju kommunar er det fleire enn fem. Før pandemien starta, var seks av ti allereie pressa på tid, viser undersøkinga frå i sommar. Den er svart på av 160 kommuneoverlegar og har ein svarprosenten på 22.

Foreningen Leger i samfunnsmedisinsk arbeid (LSA), som kommuneoverlegane er medlem av, meiner undersøkinga viser at samfunnsmedisinsk beredskap er like viktig som brannvesen og brøyteberedskap.

– Mange kommunar har lagt ansvaret for smittevernet i kommunen på skuldrene til ein einsleg kommuneoverlege. Mange av dei jobbar no døgnet rundt. Dei andre oppgåvene forsvinn ikkje, seier leiar Kirsten Andrea Toft i LSA.

(©NPK)