Kommunedirektøren til sjukehus for sjekk etter å ha blitt slått

Kommunedirektøren i Midt-Telemark, Per Dehli frå Seljord, blei utsett for vald tysdag.

«En person er pågrepet etter å ha utøvd vold mot en person i kommuneadministrasjonen i Bø. Fornærmede er kjørt sykehus for sjekk/kontroll,» melde politiet tysdag ettermiddag.

Kommunedirektør Per Dehli frå Seljord stadfestar til Varden at det er han som blei utsett for vald på kommunehuset, men vil ikkje kommentere ytterlegare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølge politiet skal valden kommunedirektøren blei utsett for vera eitt eller fleire slag. Bakgrunnen for valden er ikkje kjent.

Politiet har pågripe ein mann i 40-åra. Han blei tatt med til arresten.