Utbrotet av koronaviruset fører til auka utgifter og mindre inntekter for kommunane. Derfor sprøyter styresmaktene no inn 6,15 milliardar kroner, opplyser kommunalminister Nikolai Astrup. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

Kommune-Noreg får over 6 milliardar i økonomisk hjelp

Utbrotet av koronaviruset fører til auka utgifter og mindre inntekter for kommunane. Derfor sprøytar styresmaktene no inn 6,15 milliardar kroner.

– Ganske umiddelbart overførte vi 250 millionar kroner i auka skjønnsmiddel som skulle fordelast til kommunane via fylkesmennene. I tillegg til 50 millionar kroner til kompetanseheving og omstilling. Framover skal vi overføre ytterlegare 6 milliardar kroner, og no er mesteparten av pengane fordelte mellom kommunar og fylke, seier kommunalminister Nikolai Astrup (H) til NTB.

Av auken på 6,15 milliardar kroner går 1,25 milliardar kroner til fylkeskommunane og 4,9 milliardar til kommunane. Av tilskotet til kommunane vil 3,75 milliardar kroner bli fordelte som innbyggartilskot etter kostnadsnøkkelen i inntektssystemet.

I tillegg er rammetilskotet til kommunane auka med 1 milliard kroner som kompensasjon for bortfall av foreldrebetaling i barnehage og SFO. Desse midla er førebels ikkje fordelte. Resten, 150 millionar kroner, vil bli fordelte som skjønnstilskot til kommunane.

1 milliard kroner av tilskotet til fylkeskommunane vil gå til kollektivtrafikk og bli fordelte etter delen av det anslåtte inntektstapetet som følgje av reduksjon i billettinntektene. 250 millionar kroner skal gå til kompetanseutvikling og bli fordelte mellom fylkeskommunane med eit likt beløp per innbyggar.

Astrup trekkjer òg fram at mange opplever press på sjukeheimar og heimetenester, og dessutan at det vil vere større behov for reinhald for å førebyggje smitte. Samtidig får færre kommunetilsette gjort jobben sin.

Til dei som treng det mest

– For å rekne ut fordelinga av tilskota mellom kommunane er det brukt ein nøkkel som i hovudsak er basert på talet på innbyggarar. I tillegg vil det bli fordelt pengar som skal forvaltast og fordelast av fylkesmennene. Årsaka til at vi gjer det slik, er at alle kommunar har hatt meirutgifter og inntektssvikt, men nokre har hatt større utgifter enn andre. Fylkesmennene vil då kunne fordele pengane til dei kommunane som treng det aller mest, forklarer statsråden.

Kommunaldepartementet vil overføre 5 milliardar til kommunane og fylkeskommunane i ei ekstraordinær utbetaling av rammetilskot 20. april. Det blir teke sikte på at auken på 1 milliard kroner til bortfall av foreldrebetaling vil bli overført i neste ordinære utbetaling av rammetilskotet 4. mai.

Regjeringa vil komme tilbake til ytterlegare tiltak i revidert nasjonalbudsjett for 2020, som blir lagt fram 12. mai.

– Akkurat no veit vi ikkje kor lenge tiltaka vil vare og kva for økonomiske konsekvensar det eventuelt vil få. Vi veit heller ikkje kor stor skattesvikten blir. Det vil vi først få det fulle omfanget av når vi nærmar oss slutten av året, seier han.

Tydeleg signal

Kommunalministeren seier at hans departementet kjem til å ha god dialog med kommunane framover for å få endå meir klarleik i kva økonomiske konsekvensar koronatiltaka har.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er eit stort reknestykke som må gjerast i samarbeid med kommunane for å gjere dei i stand til å yte gode tenester ut dette året og inn i neste år. Det viktige for meg i denne situasjonen er å gi eit tydeleg signal til kommunane om at staten kjem til å stille opp for dei og sørge for at dei er i stand til å yte gode tenester òg når denne krisa er over, legg Astrup til.

Han understrekar at det er avgjerande at ikkje berre dei kommunale etatane, men også dei private og ideelle aktørane som kommunane har kontraktar med får ta del i inntektsauken kommunane no får knytt til koronautgifter.

Fakta om den økonomiske hjelpepakken til kommunane

Av auken på 6,15 milliardar kroner går 1,25 milliardar kroner til fylkeskommunane og 4,9 milliardar til kommunane. Midla fordeler seg slik:

* Viken – 1,146 milliardar kroner

* Oslo – 755 millionar kroner

* Vestland – 593 millionar kroner

* Trøndelag – 428 millionar kroner

* Rogaland – 405 millionar kroner

* Vestfold og Telemark – 346 millionar kroner

* Innlandet – 318 millionar kroner

Artikkelen held fram under annonsen.

* Møre og Romsdal – 273 millionar kroner

* Agder – 265 millionar kroner

* Nordland – 243 millionar kroner

* Troms og Finnmark – 228 millionar kroner

(©NPK)