Kommunane kan få 1,12 millionar AstraZeneca-dosar i februar

Kommunane blir bedne om å førebu seg på å vaksinere kvar fjerde innbyggjar på to veker i februar, viser ein e-post frå Statsforvaltaren i Troms og Finnmark.

Dersom EU og Noreg godkjenner koronavaksinen frå AstraZeneca 30. januar, kan Noreg nemleg vente seg ein leveranse på 1,12 millionar dosar, kjem det fram i e-posten VG har fått innsyn i.

E-posten gjekk ut for å kartleggje vaksinasjonskapasiteten, stadfestar FHI overfor avisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom EUs legemiddeltilsyn (EMA) seier ja til vaksinen, som er utvikla i samarbeid med Universitet i Oxford, blir det den tredje som får grønt lys i EU og Noreg. Frå før er vaksinane frå Pfizer/Biontech og Moderna godkjende og tekne i bruk.

(©NPK)