Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) meiner kommuneøkonomien i botn og grunn er solid, men vil auke dei frie inntektene med 2 milliardar neste år og lovar å kompensere koronautgiftene.Arkivfoto: Fredrik Hagen / NTB / NPK

Kommunane blir lova full koronaerstatning og meir å rutte med

Kommunar og fylke får 2 milliardar kroner meir i frie inntekter neste år, foreslår regjeringa, som lovar å dekkje alle ekstrautgifter til koronapandemien.

– Det skal ikkje vere grunn til å kutte i tenestene på grunn av korona, lovar kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).

– Alle nødvendige utgifter skal dekkjast, anten det er i helsesektoren eller skulen, understrekar han overfor NTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men kor stor rekninga blir, veit han enno ikkje. Astrup varslar at det blir lagt fram eit tilleggsnummer til statsbudsjettet i november, slik regjeringa òg gjorde i 2016, då det kom mange asylsøkjarar til Noreg på kort tid.

Astrup påpeikar at det er sett ned ei arbeidsgruppe saman med kommuneorganisasjonen KS som skal rekne på kva dei faktiske ekstrautgiftene er. Den første rapporten deira kjem i midten av oktober. Pengar til å dekkje kostnadene for i år vil bli ein del av endringane – nysalderinga – som blir gjord mot slutten av året.

Men regjeringa set av 1,9 milliardar kroner i 2021 for å erstatte tapte skatteinntekter som følgje av koronakrisa. Det blir òg opp lagt til at fylka får 1,25 milliardar kroner som kompensasjon for tapte billettinntekter i kollektivtransporten.

Det kjem på toppen av at kommunesektoren i vår fekk 20 milliardar kroner ekstra til å handtere koronakrisa.

Sparer på lågare lønn

Av dei 2 milliardane i auka frie inntekter for neste år, skal 1,6 milliardar gå til kommunane og 0,4 milliardar til fylkeskommunane.

Då regjeringa la fram i kommuneproposisjonen i mai, vart veksten i dei frie inntektene sett til mellom 2 og 2,4 milliardar kroner. Astrup forklarer reduksjonen med ei «teknisk» justering av demografikostnader, som blir rekna til å vere ein halv milliard lågare no enn det som vart lagt til grunn då.

Regjeringa har òg endra reknestykket for kor mykje kommunane sparer på at lønns- og prisveksten blir lågare enn tidlegare berekna. No reknar regjeringa med at kommunane sparer 8,2 milliardar kroner på dette, noko som 900 millionar kroner mindre enn overslaget i mai.

– KS vil nok meine at talet er endå lågare. Eg foreslår at dei speler det inn i arbeidsgruppa, seier Astrup.

Artikkelen held fram under annonsen.

Psykisk helse og elferjer

Av dei auka frie inntektene på 2 milliardar ber regjeringa om at 100 millionar kroner går til psykisk helse for barn og unge og ein like stor sum til låg- og nullutsleppsferjer og hurtigbåtar.

– Det er ikkje øyremerkt, men regjeringa har som intensjon at pengane skal brukast til desse formåla, understrekar kommunalministeren.

Regjeringa foreslår òg at det blir sett av 100 millionar kroner ekstra til habilitering og avlastning for barn og unge med nedsett funksjonsevne. Dette blir gitt som rammetilskot.

– Solid overskot

Styreleiar Bjørn Arild Gram i KS har hevda at koronakrisa har vist at kommuneøkonomien ikkje var robust i utgangspunktet heller. Det er ikkje Astrup heilt samd i.

– Statistikken viser eit anna bilete. Det har vore solid overskot i kommunane i fleire år. I fjor var det litt lågare enn før, men samla sett har sektoren fått 35 milliardar kroner sidan 2013, seier statsråden.

– At enkelte kommunar føler at dei ikkje har veldig god råd, er naturleg, men resultata viser at det har gått bra i kommunesektoren dei siste åra, seier han.

(©NPK)

Regjeringa vil at fylkeskommunane skal gjere ferjetrafikken grønare og ber om at 100 millionar kroner av dei frie inntektene går til låg- og nullutsleppsferjer. Foto: Bjørn Ivar Voll / NPK