Uvêr og snø fører til at mange fjellovergangar natt til måndag er stengde for normal trafikk i Sør-Noreg. Biletet er frå eit tidlegare uvêr på E134 over Haukelifjell. Foto: Statens vegvesen / NTB / NPK

Kolonnekøyring over Haukelifjell – framleis er mange fjellovergangar stengde

Etter å ha vore stengd på grunn av uvêr, er det måndag morgon kolonnekøyring på E134 Haukelifjell. Her har 27 kursdeltakarar sete vêrfaste.

– Slik det ser ut no, vil vi ha 27 gjester som blir vêrfaste fram til i morgon, sa arrangements- og marknadsansvarleg Hennie Engedal Lindøe på Haukeliseter, til NRK søndag.

No ser det ut som dei kan komme seg heim i løpet av måndagen. Ved femtida på morgonen vart det opna for kolonnekøyring over Haukelifjell, men Statens vegvesen opplyser at det på grunn av dårleg vêr kan bli lang ventetid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tidlegare på natta vart E16 Filefjell opna for normal trafikk.

Framleis er fjellovergangane riksveg 7 Hardangervidda, fylkesveg 50 Hol-Aurland, riksveg 15 Strynefjellet og riksveg 52 Hemsedal stengt inntil måndag.

Av andre strekningar som er stengde, er riksveg 13 Vikafjellet og fylkesveg 53 Tyin-Årdal, saman med ei lang rekke andre vegstrekningar.

Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel for snøfokk i fjella i delar av Sør-Noreg. Varselet gjeld fram til måndag morgon.

Sjølv om det er fjellovergangane i Sør-Noreg det står verst til på, får også Midt-Noreg og Nord-Noreg merke vêret. Sterk vind og snø gir utfordringar i delar av Sør-Troms, Ofoten og Vesterålen, melder Meteorologisk institutt.

– Berekn god tid og køyr etter forholda, oppmodar Meteorologene på X.

(©NPK)