Kollisjon mellom MC og bubil etter forbikøyring

Politiet melder på Twitter at ein MC har kollidert med ein bubil på Rv9, Byklevegen, mellom Haukeli og Hovden.

Klokka 15.15 meldte politiet at ambulansen var framme på staden og tok hand om MC-føraren, ein mann i 40-åra frå Agder. Han «framstår ikkje alvorleg skadd», skriv politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er på det reine at hendinga har funne stad på grunn av at MC har føreteke ei forbikøyring, held politiet fram.