Tok gull: Knut Austjore Heistad og Jon Grøstad Johnson (i midten) tok gull. Dei andre på pallen er (f.v.): Ole Jørgen Halteigen og Jacob Nygård Lingjerde Elverum videregående skole, Innlandet og Magnus Hallan og David Eriksen Ole Vig vgs, Trøndelag.

Knut og Jon sikra skulen gull i elektrofaget

Elektroklassa ved Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen tok gull i Stjørdal.

«Vi er såååå stolte! Vi har dei beste elevane i heile landet,» melder skulen sjølv på si Facebook-side.

Det var Knut Austjore Heistad frå Fyresdal og Jon Grøstad Johnson frå Mo i Tokke som representerte Vest-Telemark vidaregåande skule i skule-NM. Vinnarane vann ein intern konkurranse i klassa om få representere skulen under konkurransen. Resten av klassa og to faglærarar var med som heiagjeng.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølve konkurransen blei gjennomført over fire timar. Elevane skulle planlegge, utføre og dokumentere ein mindre elektrisk installasjon. Oppgåva var:

«Ein kunde skal pusse opp inngangspartiet sitt. Kunden ønsker nytt utelys, varme i golvet, lys i taket og dobbel stikkontakt, samt 2 uttak for elektronisk kommunikasjon (EKOM)».

Lars R. Kleve, avdelingsleiar yrkesfag, nyttar høvet til å takke faglærarane Atle Timland, Elin Seltveit og Bjørn Joar Vindal, i tillegg til opplæringskontoret Telemark elektroopplæring og kommunen.

WorldSkills Norway arrangerer skule-NM kvart år. Her møtest elevar frå ulike utdanningsprogram for å kåre Norges beste yrkesfagelevar. Årets konkurranse blei arrangert på Ole Vig vidaregåande skule i Stjørdal.