I 1969 kjøpte Olav sin fyrste staskniv.

– Det var då galskapen starta.

Olav kunne blitt særs rik om han selte den enorme samlinga si, men han hadde andre planar.

Knivhøvdingen

Olav Haukvik har samla på stasknivar i snart 60 år. – Eg kunne selt dei for millionar, smiler kniventusiasten. 

Publisert

Olav kjem frå Sauherad, men i 2012 gjorde han bøhering av seg. Med på flyttelasset blei sjølvsagt knivsamlinga som han starta på i 1969. 

– Det var då galskapen starta, smiler knivsamlaren når VTB treffer han i kafeen på Vest-Telemark museum.

– Sjå, her har dei skrive om deg, seier museumsdirektør Dag Rorgemoen, og kjem bort til Olav med siste utgåve av Knivbladet. Fagmiljøet har fått med seg kva Olav har gjort med storparten av samlinga si - at han har gjeve meir enn 220 stasknivar til museet.

Olav har ingen barn å overlate samlinga til, og han har høyrd folk seie at det skal bli moro å koma på knivauksjon etter han.

–  Men den moroa får dei ikkje oppleve, seier Olav kontant.

– Viss eg slapp knivane mine ut på marknaden så hadde det nok blitt ein god del pengar av det, men så gamal som eg er nå, kva skal eg med det? Då ville dei sikkert ha hamna på ein eller annan auksjon og bli spreidd for alle vindar, og det hadde eg bestemt meg for, at det skulle ikkje få skje, seier Olav.

– Eg vil at dei skal vere tilgjengeleg for ettertida. 

Olav Haukvik meiner han kunne selt knivsamlinga si for millionar. I staden har han gjeve ho til Vest-Telemark Museum, noko museumsdirektør Dag Rorgemoen (t.h.) er veldig glad for. – Det er ei viktig og flott gåve, og ein unik dokumentasjon på Vest-Telemarkkniven. Det er knapt nokon andre som har klart å samle så breitt og ha ei så oppdatert samling, seier Rorgemoen.

Dei mest staselege knivane

Vest-Telemark har ein knivtradisjon som skil seg ut i landet, for ingen annan stad er knivane så forsegjorte og utsmykka.

– Eg kallar dei ikkje knivmakarar, men knivkunstnarar, seier Olav om dei som står bak dette handverket.

Ei forklaring på at staskniven i Vest-Telemark har blitt så forseggjort kan vere den høge statusen til tradisjonshandverket her, ifølge Rorgemoen. Det å meistre treskjering, sylvarbeid, skinnarbeid og smiing har vore  statussymbol i Vest-Telemark, og i staskniven møtest alle desse handverksgreinene – og fleire til.

– Aller mest stas var det å kunne meistre alle delane av knivmakinga sjølv, forklarar Rorgemoen.

Moglegheitene når det gjeld materialval er nesten uendelege, og når materiala er valt, er det berre knivkunstnarens eigen kreativitet og dugleik som set grenser for kva mønster og utsmykking den ferdige kniven og slira får.

Skaftet kan lagast av alt frå treslag som lønn, buksbom, bjørk og valbjørk til bukkehorn, elfenbein, bjønnebein – eller pannebrasken til ein moskus.

Slira kan vere av lêr, horn, bein eller anna materiale, og holkane kan vere av sylv, gull eller messing.

– For knivsamlarar heng godt gravert messing mest like høgt som sylv og gull, fordi det er eit meir krevjande og sprøtt metall å gravere i, fortel Rorgemoen.


Eksplosjonen på 80-talet

Knivtradisjonen i regionen vår har utvikla seg gjennom 1800- og 1900-talet med bølgetoppar og -dalar, før knivinteressa nær sagt eksploderte på 1980-talet. Årsaka til det set bladfyken i ein litt beklemt situasjon, for det viser seg å vere umogleg å snakke kniv med Olav Haukvik og Dag Rorgemoen utan å ha ein aldri så liten hyllest av Arne Martin Solbjør – som er bladfykens svigerfar.

Det var knivkursa Solbjør heldt på 80-talet som førte til den eksplosive interessa og som inspirerte nye generasjonar av knivmakarar, ifølge desse to karane. I tillegg er Solbjørs eigen produksjon rett og slett i ei særstilling som vanskeleg kan overdrivast. Han er så å seie den einaste nåtidige knivkunstnaren som meistrar alle delar av knivmakinga eigenhendig, og i tillegg har han ei evne til å variere materialval og utsmykking som verkar å vere utømmeleg, kan dei fortelje.

På det meste har Olav hatt nesten 30 Solbjør-knivar i samlinga, og Solbjør-knivar fyller heile midtseksjonen på «knivveggen» i museet – som i all hovudsak inneheld knivar dei har fått av Olav.

På godfot med Gunnar

Det er andre knivkunstnarar som også heng høgt, og Olav er kry over å ha fått kniv direkte av Gunnar Omdal – for det er det er langt frå alle som har fått.

– Dei seier at han måtte like den som ville ha kniven, gliser Olav, og legg til at det var når han fekk seg Omdal-kniv at han verkeleg begynte å fatte interesse for å samle på stasknivar.

Gunnar Omdal er særskilt kjend for dei rikt skorne knivane i elgbein og kvaltann.

Men ei samling som er verd millionar er ikkje bare-bare å ha heime, innrømmer samlaren.

– Eg har nokre jernskap eg har hatt dei i, men dei er små, så kjeltringane ber dei berre ut, veit du.

– Kva med museet, har de måtta oppgradere tryggleiken etter å ha mottatt denne gåva?

– Nei da, me har god tryggleik her, forsikrar Rorgemoen.

Den gode knivpraten

Knivinteressa som har følgd Olav gjennom mesteparten av livet handlar om meir enn sjølve knivane. Det sosiale miljøet er vel så viktig, og Olav har vore fast inventar på knivtreffet i Elverum.

Ein annan viktig møteplass for knivinteresserte er Dyrsku'n, med ei husflidstevling som er i særklasse når det gjeld storleik og seriøsitet. Her er det kvart år mellom 70 og 80 knivar som blir sendt inn for vurdering.

Men Olav har også drege i gang sitt eiget knivtreff på Vest-Telemark museum i Eidsborg. Den fyrste opningslaurdagen kvar vår samlar Olav knivinteresserte frå heile austlandsområdet her i museet – som nå også har hand om mesteparten av knivsamlinga hans.

Olav kastar eit siste blikk på veggmonteren idet me skal gå, og då får han auge på ein liten damekniv.

– Den er Ingjerd sin, kona mi, og har namnet hennar inngravert, så den er berre på lån førebels, påpeikar han.

– Men det kan hende de får den også viss ho er på godlune. 

Dekorativ dolk med oransje skaft heng på grå vegg.
Meir enn 220 knivar har Olav Haukvik gjeve til museet, men denne, som tilhøyrer kona Ingjerd, er berre på lån førebels.
Powered by Labrador CMS