Klarar du å løyse mysteriet om det stolne dokumentet?

Den tradisjonsrike påskefeiringa på Fjone er godt i gang for den heller ukjende foreininga «Statsrådar som nyleg har vore på besøk i Vest-Telemark», også kjend under det fengjande akronymet SSNHVPBIVT.

Justis- og beredskapsminister Memilie Menger Ehl, kommunal- og distriktsminister Gigbjørn Sjelsvik, helse- og omsorgsminister Kjingrid Erkol og arbeids- og inkluderingsminister Parte Pjøs Mersen er alle på plass, og praten sit laust i solskinet rundt punsjbollen.

Artikkelen held fram under annonsen.

På ein påle på brygga heng originalkopien av VTB-saka frå då grunnleggjaren av foreininga, dåverande kommunal- og regionalminister Ragnhild Queseth Haarstad, var på besøk i Fyresdal i 1998. Dette besøket viste seg også å bli eit spontant stiftingsmøte, der SSNHVPBIVT vart skipa til, og originalkopien av VTB-saka har blitt ein slags heilag gral for medlemmene.

Per foreiningas eigne vedtekter, har alle fått beskjed om å ta med ein påskerelatert rekvisitt til samankomsten – Ehl og Erkol har pynta seg med høvesvis fjør og påskehareøyro, medan Sjelsvik har med seg heimelagde påskeegg. Pjøs Mersen, som har den prestisjetunge prisen for årets rekvisitt i sikte, har teke det eitt skritt lenger og teke med ei levande høne. Etter ein liten dukkert i Nisser, har høna virra rundt i lufta dei siste par minuttane, til statsrådens store fryd.

Statsrådane: F.v. Memilie Menger Mehl, Gigbjørn Sjelsvik, Kjingvild Erkol og Parte Pjøs Persen.

I det høna er på veg over punsjbollen, skjer det ein av deltakarane seinare skal omtale som «mitt eige vesle påskemirakel», og ho legg eitt egg som dett rett ned i punsjen. Dette stel sjølvsagt brorparten av den kollektive merksemda, men éin av statsrådane ser sitt snitt til å få den segnomsuste VTB-saka til odel og eige.

Mysterium: Kven har teke dokumentet? Og kvar er det?

Då den verste punsjspruten har lagt seg og festdeltakarane har fått summa seg er det for seint, saka er borte frå pålen. Klarar du, ved hjelp av hinta som er i bilda, å finne ut kven som har teke dokumentet? Og kvar dei har gøymd det?

For å sjå større versjonar av bilda, klikk lenkjene under:

Fyrste bilde

Siste bilde

Send svaret til aslak@vtb.no.