Vil hadde fram som bonde: – Eg meiner at det å drive landbruk i Noreg er kjempeviktig, seier Karoline Skarprud. Ho tok over Moen gard for 11 år sidan. Då var ho 21 år.

Karoline vil byggje nytt fjøs. Naboane er ikkje fornøgde med plasseringa

Karoline Skarprud skal byggje ny driftsbygning, fôrsilo og gjødselkum på garden sin i Kviteseid. Torsdag skulle formannskapet ta stilling til klager frå naboane. Dei fryktar meir lukt og støy.

– Dyra treng større plass, seier Karoline Skarprud.

Ho vil byggje nytt fjøs til dei 70 mjølkekyrne ho har på Moen gard i Kviteseid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Besteforeldra hennar bygde fjøs i 1989. På den tida dreiv dei annleis enn i dag. Den gongen stod dyra på bås. Skarprud vil byggje lausdriftsfjøs, der dyra kan gå fritt. Ho vil leggje til rette for at ku og kalv kan gå lenger saman, og ho vil også ha moglegheit til å skilje dyr som er sårbare. I tillegg vil ho automatisere delar av drifta. Ho ynskjer å ha mjølkerobot og automatisk fôringsanlegg.

– Landbruket har endra seg mykje dei siste åra, fortel den unge bonden.

Ho er klar for ei storsatsing på garden.

Synfaring: Torsdag var formannskapet på synfaring. Karoline Skarprud viser kvar ho ynskjer å byggje ny driftsbygning.

Klager på plassering

Det har kome fleire merknader og klager frå naboane på plassering av ny driftsbygning og gjødselkum. Dei er alt plaga med lukt og støy frå garden og fryktar at plagene skal bli verre med nytt fjøs, som blir lagt om lag 30 meter nærare husa deira. Dei meiner at fjøset, og særleg gjødselkummen, burde bli plassert på den andre sida av gardstunet. Med ei slik plassering meiner dei og at det vil bli mindre trafikkfare og støvplager.

– For oss naboar er dette den verst tenkelege plasseringa, seier ein av naboane. Fleire av dei møtte fram då formannskapet var på synfaring torsdag.

Ikkje fornøgda: Fleire av naboane hadde møtt opp på synfaringa. Dei hadde håpa på ei anna plassering av den nye driftsbygningen og gjødselkummen.

Er ikkje overraska over klagene

Skarprud er ikkje overraska over at det kjem reaksjonar frå naboane. Ho meiner det er noko mange gardbrukarar opplever.

Framfor naboar og formannskap fortel ho kvifor dei har landa på plasseringa av fjøset.

– Fyrst og fremst er det for å spare mest mogleg matjord, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er og den mest praktiske plasseringa med tanke på å kunne bruke dei eksisterande bygningane, og tilgang på veg og for å oppretthalde krava til rein og urein sone.

– Og det er og den billigaste plasseringa, seier ho.

Fjøset har ei kostnadsramme på 17 millionar. Dersom ho skulle lagt fjøset på sør-vestsida av gardstunet ville kostnadene blitt høgare. Då måtte ho bygd ny veg, og også fylt på meir masse. Garden ligg i eit flaumutsett område.

– Me har derfor valt å leggje fjøset lengst vekk frå åa, seier ho.

Driftsbygningen frå 1989: Skarprud meiner dette fjøset er for lite for å ivareta god dyrevelferd. – Dyra har også blitt større på desse åra, seier ho.

Prøver å ta omsyn

Skarprud ynskjer ikkje å bli uven med naboane.

– Me prøver å ta omsyn, seier ho til VTB.

Og det er mange omsyn å ta. Mellom anna er ho som bonde avhengig av å utnytte vêret. Det er når det er kaldt og regnvêr det er best for henne å spreie gjødsla.

– Eg vil jo også helst ha gjødsla i bakken, og ikkje i lufta, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Før brukte dei vatningsanlegg til å spreie gjødsla. Skaprud har kjøpt slangespreiar. På sikt ynskjer ho å gå over til stripespreiar. Då blir gjødsla lagt rett ned på bakken. Skarprud meiner det vil gje mindre lukt.

Låg fram planane: Karoline og faren Vidar Skarprud, som hjelper til med gardsdrifta, forklarte dei frammøtte om planane for utvidinga. Den planlagde driftsbygningen blir liggjande om lag 100 meter frå nærmaste nabo.

Tek ikkje klagene til følgje

Etter synfaringa på Moen gard var det formannskapsmøte. Der gjekk eit samrøystes formannskap inn for å ikkje ta klagene frå naboane til følgje.

Dei forstår at både lukt og støy kan vere plagsamt for dei som bur i nabolaget, men legg vekt på at både garden og dei næraste husa ligg i eit område som er regulert til landbruk. Og dei meiner det er viktig å støtte opp om lokal matproduksjon.

Saka blir sendt til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Skarprud meiner det er bra at begge partar nå har fått uttale seg.

– Og så får me la systemet få avgjere dette, seier ho.

Politikarane tok ikkje klagene til følgje: Helst ville Skarprud begynt bygginga i vår. Nå som klaga er sendt til Statsforvaltaren er ho redd byggjestarten kan bli utsett.