Jubel: God stemning under den offisielle opninga av Tokke teknologipark torsdag. Eivind Sandland Hårstad (f.v.), Bjarne Lofthus, Jarand Felland, Hermann Betten og Rob Saly.

Jubel då Tokke Teknologipark opna. – Me får inspirasjon berre av å vere her

Bunad, taler, snorklipp og strålande solskin under den offisielle opninga av Tokke teknologipark på torsdag. Av dei 26 kontora er nå berre fem ledige.

– Og dei trur eg blir leigd ut i løpet av nokre månadar, seier Tokke-ordførar, Jarand Felland.

Og dei som leiger kontor i den nye teknologiparken må vere budd på fin utsikt, mykje glas, alle veggane er vindauge, moderne lokale og treningsrom.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle som har vore innom skal ha kontor. Det er me veldig fornøgd med, fortel dagleg leiar ved Dalen mekaniske, Eivind Sandland Hårstad, til VTB.

Dei som har leigd kontor så langt er Tokke kommune, AT skog, Serit itum (også samarbeidspartnar og leverandør av IT-tenester mm.), Haucon AS, Østerbø maskin, Sør Entreprenør og Kvito. I tillegg har Dalen mekaniske produksjon i nokre kontor.

Med kommunen i ryggen

Ideen om Tokke teknologipark vart fyrst lufta i 2020. Då møtte Sandland Hårstad på eit møte med næringslivet på Dalen. På møtet skulle dei avvikle planane om Dalen næringshage.

Sandland Hårstad foreslo at dei kunne lage ein teknologipark.

– Alle syntest det høyrest moro ut. Og me fekk ein arkitekt til å teikne, det vart litt større areal enn me hadde tenkt, men me fekk lyst til det, sa Sandland Hårstad under torsdagens opning.

Sidan då har Tokke kommune garantert for leige av fire kontor i ti år, og ytterlegare fire kontor i ein periode på tre år.

– Når kommunen garanterer for leige gjorde det at me kunne trykke på startknappen. Du tør litt meir når folk heiar på deg enn om dei synest alt du gjer er dumt, sa den daglege leiaren.

Eigarane Hermann Betten og Bjarne Lofthus er godt fornøgd med den nye satsinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er fantastisk. Me får inspirasjon berre av å vere her, seier Betten.

– Det er viktig å investere om det skal bli noko. Ein kan ikkje berre sitje stille på same stein, smiler Lofthus.

– Me er litt stolte over det me har fått til her, og også veldig glade for at me fekk bygge ut på tomta, legg Betten til.

Stolte: Bjarne Lofthus (t.v.) og Hermann Betten er stolte over det dei har fått til på Dalen. – Det er viktig å investere om det skal bli noko. Ein kan ikkje berre sitje stille på same stein, seier Lofthus.

Tungt i 2015

Teknologiparken ligg i forlenginga av Dalen mekaniske, og det nye bygget er på om lag 500 kvadrat fordelt på to etasjar. Veggane er dekt av store vindauge. Budsjettet har vore kring sytten millionar kroner (eks.mva.).

Det var ein tydeleg glad og stolt ordførar som stod for snorklippinga.

– Dette betyr veldig mykje for oss. Nå har me ein kul, moderne og attraktiv arbeidsplass her på Dalen. Noko som dette har me ikkje hatt i Tokke før, seier han til VTB.

Då ordføraren talte til dei frammøtte, tok han eit lite historisk tilbakeblikk.

På 70-talet vart både NEBB (seinare ABB) og Mar-el, nå Brunvoll Mar-el, etablert på Dalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– To hjørnesteinsbedrifter i Tokke, sa Felland.

Ifølge ordføraren vurderte NEBB også å etablere seg i Drangedal eller Seljord. Men det vart Dalen.

– Dei stilte krav om at det skulle vere akkurat denne tomta, som vel er den finaste tomta på Dalen, dei skulle ha billig straum og bustadar.

I 2015 var det litt tungt i industribygda. Dei mista 40 industriarbeidsplassar då ABB la ned, bygget vart lagt ut til sal. Fyrst kjøpte Olav Åge Askje bygget, deretter kommunen. Dalen Mekaniske heldt då til på Tokkestad.

– Dykk valte då å satse og kjøpte bygget. Og de har stelt så fint med det.

Håpar på byggestart i oktober

– Ein stor dag?

– Ja! Det er viktig at me markerer det, men eg lurar jo litt på om me har tid til dette, seier Sandland Hårstad.

Dei har nemleg mykje å gjere, og dei ser vidare framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

Planen er å bygge ut produksjonslokalet. Tidlegare i vår fekk formannskapet ein søknad om kommunen vil bygge 3000 kvadrat med produksjonslokale, som Dalen mekaniske skal leige av kommunen. Då vart saka utsett.

Sidan då har det vore nokre justeringar, og Sandland Hårstad håpar på ei avklaring før sommaren.

– Me er heilt avhengig av 2000 kvadrat, elles får me ikkje gjort det som kundane krev av oss, seier Sandland Hårstad.

– Det er ikkje tida for å slappe av. Me håpar på byggestart i oktober.

Vegen vidare: Eivind Sandland Hårstad fortalde om planane vidare. Planen er å bygge større produksjonslokale. – Me er heilt avhengig av 2000 kvadrat, elles får me ikkje gjort det som kundane krev av oss, seier den daglege leiaren.