NM-vinnarar: Klassekameratane Jon Espolin Grøstad Johnson (t.v.) og Knut Austjore Heistad samarbeidde godt under skule-NM i Stjørdal i mars, og stakk av med sigeren.

Jon og Knut er landets beste elektroelevar

Læraren til Jon Espolin Grøstad Johnson og Knut Austjore Heistad meldte dei to elevane på fylkesmeisterskapen i elektro. Men det vart ikkje noko fylkesmeisterskap og duoen gjekk rett til NM. Der vann dei heile konkurransen.

– Det er ein liten skule så det blir veldig gode læringsforhold. Alle seier det, på alle dei forskjellige linjene – så det er ein veldig god ting med denne skulen, fortel Jon Espolin Grøstad Johnson.

Han kjem frå Mo i Tokke, og då han var ferdig med ungdomsskulen på Tokke skule starta han på elektrolinja på Vest-Telemark vgs. Då Knut Austjore Heistad frå Fyresdal skulle velje vidaregåande utdanning var han litt usikker.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg vurderte studiespesialisering eller elektro. Pappa er elektrikar, og eg synest det er eit pluss at det ikkje er så mykje lekser, og om eg fann ut at det ikkje var noko for meg kunne eg alltids gå vidare på påbygg, fortel han.

Snart er dei begge ferdige med sitt andre år på elektro-linja. Og at Jon og Knut har funne eit fag dei meistrar er det lite tvil om. I haust meldte læraren dei på fylkesmeisterskap i elektro.

– Vinnaren av fylkesmeisterskapen går vidare til NM, men det var ingen andre som meldte seg på. Så me gjekk rett vidare til NM, fortel Jon.

NM vart arrangert i Stjørdal i slutten av mars, og sju fylke stilte med lag.

Oppgåva dei fekk skulle førestille eit inngangsparti. Her skulle det vere varmekablar, lys, stikkontakt, utelampe. Mellom anna.

Dei to gutane samarbeidde om oppgåva, og fortel at god planlegging var viktig.

Båsen dei arbeidde i var om lag ein meter brei og dei fekk fire timar på seg på å løyse oppgåva, med ei matpause i midten.

– Det var veldig stress. Hektisk, ja, seier Knut.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei kjente til oppgåva i forkant og fekk ein dag til å førebu seg.

– Mykje av oppgåva gjekk ut på å legge ein plan, fortel Jon.

– Ein blir løna etter kor nøyaktig ein gjer det. Det er mykje detaljar å halde styr på, legg han til.

Litt flaut, men fint også

Om nokre få vårmånadar er Jon og Knut ferdige som elevar på Vest-Telemark vgs. Lærlingplass er sikra for begge to. Knut skal til Statkraft på Dalen og Jon skal vere lærling hos Equinor og følgje offshore-turnus, altså to veker på og fire veker av.

Litt rart blir det å ikkje skulle gå på skule lenger, men dei er spente også. Dei er berre seks i klassa, og alle har fått lærlingplass.

– Me var ei lita klasse så det har vore mange bedrifter om lærlingane, fortel Knut.

Og det har vore greitt for dei å få lærlingplass.

– Det var nesten som eit jobbintervju, så eg var ikkje heilt førebudd på det, smiler Jon.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har aldri vore på plattform før, men eg gler meg, legg han til.

Etter lærlingtida kan dei om to og eit halvt år ta fagprøva, Knut som energimontør og Jon som elektrikar.

– Kva er premien i elektro-NM?

Jon og Knut ser litt på kvarandre og smiler.

– Tja, mest heider og ære, smiler Knut og Jon nikkar.

– Og skulen har fått ein pokal, legg dei til.

Jon påpeikar at det er eit skule-NM, så det er skulen som vinn, og dei som representerer skulen.

– For skulen er det nok gull verdt, og det er ein veldig god skule. Me anbefaler alle å søke hit, seier Jon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og Vest-Telemark vgs. har gjort stor stas på elevane sine. Dei har fått song, tale og kaker forma som stikkontaktar.

– Litt flaut å bli sunge for, men fint også, smiler Knut.