Sjølv om alle jegerar i Norge plikter å rapportere om kva de har skote, så har ikkje norske styresmakter denne oversikta frå utanlandske jegerar. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Jegerar melder ikkje frå om jaktresultat

Norske styresmakter har inga oversikt over kva for artar utanlandske jegerar jaktar på, eller kor mange dyr som vert felt.

Dagsavisa har spurt Miljødirektoratet kor mange fuglar og andre dyr utanlandske jegerar til saman skyt, men sjølv om alle jegerar i Noreg pliktar å rapportere om kva dei har skote, så har ikkje norske styresmakter denne oversikta frå utanlandske jegerar.

– Det er openbert at styresmaktene burde ha betre oversikt når stadig fleire artar er i tilbakegang, seier generalsekretær Kjetil Aadne Solbakken i Birdlife Noreg, tidlegare Norsk Ornitologisk Forening til avisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nyleg vart tre italienske jegerar stoppa i Kristiansand med mellom anna ti nedfryste måltrostar og 31 nedfryste svarttrostar. Dette er blant artane det ikkje er lov til jakte på her til lands.

Jegerane fekk eit førelegg av politiet på 15.000 kroner kvar, som alle tre vedtok.

– Vi har inga god oversikt over kva for artar utanlandske jegerar jaktar på, seier kommunikasjonsrådgivar Dag Stian Husby i Miljødirektoratet.

Tidlegare rapporterte halvparten av utlendingane. Dei siste åra har svarandelen vore mellom 20 og 30 prosent, ifølgje Statistisk sentralbyrå. Dermed kan ikkje SSB seie noko sikkert om kor mykje utanlandske jegerar skyt av dei jaktbare småviltartane, som omfattar 34 fuglar og 14 pattedyr.

SSB har heller ikkje oversikt over kor mykje utlendingar feller av elg, hjort og villrein.

(©NPK)