Gunnar Bakkan: VTB-arkivet 27. september 2003.

– Jaktgleda har vore i meg heile livet

VTB september 2003: På garden Homman i Kviteseid finn me Gunnar Bakkan (79). Heile livet har jakt vore den store interessa.

Gunnar Bakkan bur på Homman, så langt ein kan kome på vegen på Møsasida i Kviteseid. Dette har vore heimen hans sidan 1928. Garden ligg idyllisk til. Og frå stueglaset kan ein sjå rett ned på Sundkilen som glitrar i det fine haustvéret.

– Det er ein fredeleg plass. Ja folk seier nå at det er fint her. Det har nå til og med vore landskapsmålarar som har sete her og måla, så dei må ha lika det dei har sett, seier 79-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jakta elg i 60 år

Det er haust. Lauvet drys frå trea, og det er tida då det byrjar å krible i kroppen meiner Gunnar.

– Elgjakta startar nå, og det er vemodig å ikkje få vere med i år, seier han stille.

Gunnar har jakta elg i over 60 år, men denne hausten vann sjukdomen over jakt-trongen.

Tidleg ute

Alt som tolv-åring fekk Gunnar si fyrste børse, det var ei salongrifle. Ut på jakt bar det etter and.

– Det vart ikkje så populært heime. Eg var nok for ung til å gå på jakt åleine, men dei vart positivt overraska då eg kom heim med fangst, minnest han og humrar.

Den 25. elgen datt etter skot frå Gunnar sitt våpen i fjor haust. Elgen til Gunnar fall då han var med på si siste jakt med 15 jaktkameratar ved Midtsund jaktlag i Kviteseid.

– Det var ein halvanna-åring eg skaut i fjor, fortel han.

I går starta jaktlaget opp med årets jakt, og Gunnar ventar ivrig ved telefonen for å høyre korleis det går med jegerane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei har lova å halde meg orientert når dei får dyr, smiler han forventningsfullt.

Mange minne

Den største elgen Gunnar har fått på kornet var i 1949.

– Då kom det ein 14-taggar ruslande. Den vog nok 290 kilo, minnest han.

Frå veggen plukkar han stolt ned eit bilete.

– Sjå, her ser du storoksen. Men det er ikkje bare eg som kan ta æra. Både Nils Lindestad, bror min og eg måtte løyse skot før han datt, seier han og ser på bilete av tri stolte karar som held i geviret på oksen.

Krigen

Krigen var ei vanskeleg tid. Og det vart bestemt at alle våpen skulle leverast inn, fortel han.

– Eg kjøpte meg ein Kragh Jørgensen, ja ei rifle, den bruka eg når eg hadde meg nokon jaktturar. Men det var risikabelt. Vart ein teken av gestapo, venta det dødsstraff om ein hadde våpen, fortel han.

Når ein er interessert i jakt, er det kanskje også ganske naturleg å vere interessert i våpen. I samlinga til Gunnar er det to børser som har favorittstempel.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er den finske Sako'en og den tsjekkiske Hornett'en. Med desse børsene kunne eg treffe ei kråke på 200 meter, og det utan kikkertsikte. Ja, når synet var litt betre altså, legg han til og ler litt.

Av det meir spesielle i våpensamlinga meiner Gunnar at det må vere «cowboy-børsa» som peikar seg ut.

– Det er ein Winchester frå 1895, som bare er til pynt. Slike våpen er ikkje lovlege å bruke lenger, fortel han.

Rådyr

Gunnar har også vore ein ivrig rådyrjeger. Han meiner at han har skote meir enn 90 dyr av den sorten.

I 1937 vart dei fyrste rådyra observert på Møsasida i Kviteseid. På 60-talet var bestanden på topp, men i 1966 kom ein svært kald vinter og mange dyr svalt og fraus i hel.

– Gaupa har nok også mykje av skulda for at mange rådyr går tapt. Eg minnest den fyrste gaupa eg såg her på Homman. I 1972. Det var ikkje mange som ville tru meg når eg fortalde at eg hadde hatt besøk av kattedyret. Men folk måtte gje seg med tida, det vart raskt fleire av den rasen her også, seier han.

– Har du vore på gaupejakt?

– Me var etter ei gaupe som hadde drepe eit rådyr ein gong, men dei er ikkje lett å få fatt i. Om ein skal klare å kome nær det dyret åleine, må det vere svært kupert terreng, slik at ein kan gå rett på dei, meiner han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tømmer

79-åringen har jobba i skogen og fløta tømmer på vassdraget.

– Det er rart å sjå korleis maskinane tar seg av det arbeidet som for få år sidan vart gjort av menneskelege hender, seier han.

– Det har vore eit voldsamt framskritt, men så forsvinn då arbeidsplassane og. Eg minnest at Cappelen hadde kring 50 mann i arbeid i skogen, nå er det bare nokon få maskinar som tar seg av jobben. Det er rart å tenke på, seier Gunnar.

Mykje lureri

Gunnar gjer seg klar til fotografering, og finn fram elgbørsa. Me ruslar ut i haustvéret.

– Du har ikkje ei god jakthistorie då, alle jegerar har vel ei slik å bjode på?

– Tja, seier han lurt; skulle eg fortelje deg ei god jakthistorie måtte eg vera flink til å ljuge, smiler han.

– Så det er mykje lureri som kjem fram på jaktturane når kaffien kokar over bålet og flesket steikjer i panna?

- Å ja, der er det mykje lureri, det skal eg love deg, ler han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Søk i det historiske arkivet til VTB etter fleire artiklar. Her kan du søke etter enkeltord, namn og liknande. Du kan sjølv velje kva periode du vil søke i.