NATO-øving: Både beltevogner, helikopter og andre militære framkomstmiddel har farta til og frå Rauland høgfjellshotell dei siste vekene, då hotellet har vore basen til NATO-flymannskap som øver på å overleve i vinterlege omgjevnadar. Hotelldirektør Kristian Samnøen meiner dette er dei beste gjestene han har. – Dei har alt på stell, og har me gløymt noko så løyser dei det sjølv. Det er det einaste eg kan seie som ikkje er hemmelegstempla, humrar Samnøen. Foto: Åshild Emma Solbjør

Jagarflypiloten skaut seg ut og overlevde. Så fraus han i hel. – Me øver for at noko slikt aldri skal skje igjen

På slutten av 50-talet skaut ein belgisk jagarflypilot seg ut frå flyet sitt under ei militærøving i Noreg. Han overlevde utskytinga, men fraus i hel. – Me øver for at noko slikt aldri skal skje igjen, seier oberstløytnant Ronny Knudsen.

NATO-soldatane lesser frå seg ryggsekkar, hjelmar og anna utstyr i lobbyen på Rauland høgfjellshotell. Dei har nettopp kome attende til hotellet med helikopterskyss etter ei overlevingsøkt på Gaustatoppen. Dermed er dei ferdige med ei vekes vinteroverlevingskurs.

– Gaustatoppen gjev oss ei veldig realistisk øving, for då tek dei banen opp, og har det komfortabelt og fint. Så blir dei kasta ut i det på toppen, med sterk vind og veldig dårleg sikt, og må ta seg fram og koma seg i ly, fortel Knudsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Livsviktig øving: Oberstløytnant Ronny Knudsen er leiar for luftforsvarets flyoperative treningssenter (LFTS), og har dei siste vekene arrangert NATO aircrew winter survival course med base på Rauland. Foto: Åshild Emma Solbjør

Åttande året på Rauland

Vinteroverlevinga, eller NATO aircrew winter survival course, har hatt base på Rauland sidan 2016, fortel Knudsen.

– Men må jo vere ein stad der me er sikre på at det er skikkeleg vinter.

Deltakarane er luftmannskap frå NATO-styrkane, og kjem mellom anna frå Nederland, Danmark, Tyskland, Belgia, Frankrike og Tsjekkia. Og at dei treng å øve, er det ikkje tvil om.

– Me hadde ein deltakar frå sørlegare strøk av Europa no, som aldri hadde sett snø. Han kjende det som han tråkka ut i noko kaldt, kvitt slim då han kom ut av bussen. Men no er han i stand til å klare seg åleine i vinterver om det skulle bli naudsynt.

Det er også med instruktørar frå USA og Canada.

– Det er veldig verdifullt å utveksle erfaringar med instruktørane frå Nord-Amerika, seier Knudsen.

Går gjennom isen

Overlevinga handlar om å klare seg ute i snø og kulde med det utstyret dei vanlegvis har med seg.

Ei av oppgåvene soldatane må meistre, er å gå gjennom isen med ein tung ryggsekk på seg. Dei må få av seg ryggsekken, og ta seg opp av råka ved hjelp av ein kniv dei har i beltet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei anna oppgåve er å lage trugar av kvistar og fallskjermsnøre. På slutten av veka må soldatane greie seg ute to netter, ei natt åleine og ei saman med ei gruppe.

– Kravet for å bestå er å overleve dei to nettene, seier Knudsen med glimt i auget.

– Men me har eit sterkt fokus på tryggleiken, så det klarer alle.