«It’s all right» i Hansen-hagen
Det var god stemning i hagen til Kafé Hansen i Kviteseidbyen fredag ettermiddag då Vidar Magnushommen og Jan Gunnar Haugen inviterte til «Elvis og litt te».
Sjølv om mørke skyer, gode vindkast og ei regnskur prøva å skremme gjestene vekk etter dei fekk høyre både «Little sister», «It’s no or never» og «That’s all right, mama» heldt dei to musikarane Vidar Magnushommen og Jan Gunnar Haugen fram etter ein liten pause og fekk henta godstemninga tilbake.
Fleire kjente låtar kom som perler på ei snor, både frå Elvis Presley, Willy Nelson, Sir Douglas quintet og Nancy Griffith. Det rykte godt i dansefoten, musikarane jaga mørke skyer bort og strålande solskin kom tilbake.
Kafedrivar Elizabeth Wisland fortel at dei lenge var usikre på om konserten skulle vere ute eller inne på grunn av usikkert vêr, men at dei tok sjansen.
Dei frammøtte storkosa seg, applauderte og fullkytte den gode konserten frå dei lokale musikarane, og håpar på fleire musikalske opplevingar i sentrum i tida som kjem.
Wisland seier ho lovar fleire hagekonsertar gjennom sommaren.