Ukrainsk jolefeiring: Flyktningtenesta i Seljord inviterte til jolefeiring på Rødekorshuset. Her er Nataliia Homleid med festens yngste gjest Eva (8 månadar).

Inviterte til ortodoks jolefeiring

Flyktningtenesta i Seljord inviterte til markering av Heilage eftan, slik ukrainarane feirar den ortodokse jolehøgtida med fest 6. januar.

Fire fullsette langbord dekt med 12 ulike rettar mat fylte Rødekorshuset i Seljord torsdag føremiddag. Dei 49 ukrainske flyktningane som har flytta til kommunen og flyktningtenesta i Seljord tok initiativ til jolefeiringa med inviterte gjester frå Seljord og Kviteseid.

Konstantin Pestov og Nataliia Homleid leia programmet, Pestov på ukrainsk og Homleid omsette til norsk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ukrainarane sjølve som har tatt initiativ til festen for å vise korleis den ortodokse jolefeiringa er. Og det er dei som har laga all den gode maten som blir servert i dag, seier ein stolt flyktningkoordinator i Seljord, Per Atle Einan.

Tolv rettar: På joleftan 6. januar blir det servert tolv rettar på bordet, her er noko av det smakfulle som blei servert til gjestene i Seljord torsdag.

Startar med Kutya

Nataliia Homleid jobbar i flyktningtenesta og underviser også i språk ved skulen i Seljord. Ho fortel at det er mange ulike joletradisjonar i Ukraina, både i ulike familiar og regionar. Ho seier at det er mange som fylgjer tradisjonane knytt til både bakst og til faste i tida før jol.

– Den 6. januar markerer me den Heilage eftan, og før ein startar å ete les ein frå Bibelen om Jesu fødsel. Dei tolv rettane som står på bordet kan bli forklara på fleire måtar, anten til minne om Jesu disiplar, eller ein kan også sei dei symboliserer dei tolv månadane i året, seier Homleid.

Ukrainarane fortel at ein må alltid starte med Kutya, ein rett som er laga av byggryn, valmuefrø, valnøttkjernar, rosiner, hasselnøtter, mandlar, blomsterhonning og salt.

– Ein skal ete denne fyrst av dei tolv rettane, og må forsyne seg tre gonger. Tydinga av Kutya er at korn kjem til liv kvart år, derfor er det eit symbol på evig liv. Honning er eit symbol på helse, lykke og velstand. Valmuefrøa er himmelens og ungdommens stjerner. Nøttene er rikdom, rosinene er kjærleik og Guds forsyn, forklara Homleid.

Dei andre rettane på bordet var mellom anna laga av raudbeter, ertar, bønner, lauk, kål, poteter, salat, sopp, agurk i tillegg til bakverk.

Jolesong og godteri

Dei frammøtte fekk også høyre om eit utval tradisjonar og skikkar som blir gjennomført i jolehøgtida. Fleire jolesongar blei framført, og Pestov og Homleid fortalde om ulike måtar ein kunne spå framtida på, mellom anna ved å stille personlege spørsmål for seg sjølv, ta eit knippe riskorn frå ein bolle og telje dei. Var talet på ris partal var svaret ja, var det oddetal var svaret nei.

– Me spår på jolenatta, mange trur at den store krafta den natta kan vise framtida mellom anna ved å stille spørsmål. Ein kan spørje og finne svar frå ei bestemt side og setningsnummer i ei bok. Og barna går ofte frå hus til hus der dei syng jolesongar og får godteri. Ved å synge jolesongar skal familien som blir sunge for få eit rikare liv i året som kjem, seier Homleid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho fortalde at det også er tradisjon å minnest dei som har gått bort, og ein av gjestene gjekk til pianoet for å synge ein vakker song for dei frammøtte.

– Tusen takk for at eg fekk kome, vere saman med dykk og smake på all den gode maten. Å kunne samlast i jola og ete god mat er ein fin tradisjon. Jolefeiringa de får blir annleis i år, men eg håpar den blir fin. Eg håpar også at de finn dykk til rette i Seljord, at de blir tatt godt imot. Eg håpar av heile mitt hjarte at det blir fred i Ukraina, og at ein kan starte å bygge opp att landet. Eg ynskjer dykk alle ei god jol, helsa varaordførar Sondre Aasan.

Takksam: Olena Malinovska (t.h.) fortalde kor takksam ho er for alle dei nye venene ho har fått i Noreg, og delte sitt største ynskje, å få fred i heimlandet. Til venstre Nataliia Homleid.

– Med takk frå hjartet

Det blei mange fine samtalar og nye bekjentskap rundt borda torsdagen. Med hjelp av oversettingsappar på telefonen, ei god blanding av ukrainsk, engelsk og norsk blei det god stemning, glede og latter. Men alvoret var også der.

Olena Malinovska hadde lyst til å kome med ei helsing til alle på festen. Ho retta ein stor takk til alle i Noreg som støttar ukrainarane, alle som deler erfaringar, kjensler og varme tankar.

– Me kom til Noreg på grunn av det tragiske som skjer i heimlandet vårt. Me har alle vår bagasje, våre tankar og opplevingar. Men eg begynner å få så mange nye vener her i Noreg, og eg er så takksam for det. Mitt største ønske er å få fred, og at Noreg aldri skal oppleve krig, uttala Malinovska.

з Різдвом, god jol.

Ukrainsk jolefeiring: Flyktningtenesta i Seljord inviterte til ei fin jolefeiring på Rødekorshuset 6. januar.