Fiskefestival: Thor Rabbe og Sylvia Rabbe.

Inviterte til fiskefestival for barn

14. juli var det duka for den fyrste fiskefestivalen for barn på Velemoen Camping i Edland. Trass ein litt kald sommardag var det 35 deltakarar samt foreldre og besteforeldre som møtte opp for å prøve fiskelykka.

Heile Haukeliområdet er eit populært fiskeområde om sommaren. Vanlegvis er det lett å få fisk, så det er så og sei alltid nokon som fiskar her omtrent heile døgnet, seier Marianne Christenson Moen som driv Velemoen Camping.

Men då dagen for fiskefestivalen kom, var ikkje fisken så viljug til å bite på. Det var Ask Andersen Fjeldheim frå Etne som fekk dagens største og einaste fisk. Likevel var det ein imponerande fangst på nesten 500 gram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tobias Hovden Sletta frå Edland stakk av med sigeren for flest øyrekyte. Han leverte inn heile 56 små fisk.

Folk såg ut til å kose seg heile dagen med fisking, ponniriding, leikar og is. Før premieutdelinga var det underhaldning med song og musikk og klovneshow med klovnane Susu og Mumu.

– Me synest det er moro å kunne stelle til eit gratisarrangement for barn der alle kan delta, seier Marianne Heier, dagleg leiar på Haukeli Bue og èin av arrangørane.

– Klassevinnarane får flotte premiar sponsa av lokale bedrifter i kommunen. I tillegg får alle påmelde deltakarpremie, ei heilt unik fiskefestival t-skjorte som me trykker fortløpande her på Haukeli Bue. Planen er at dette skal bli ein årleg sommartradisjon som skapar gode minne for heile familien, avsluttar ho.

Tekst og foto: Gudrun K. T. Semons

Fiska: Sjur Åge Ekkje og Emrik Bjørnerem Ekkje.
Fekk den største: Klovnane Susu og Mumu og vinnar av dagens største fisk, Ask Andersen Fjeldheim.
Festivalskjorter: Thor Rabbe og Wilma Tjønnhaug Semons med årets fiskefestival t-skjorter.