Det Internasjonale Barnekunstmuseet i Oslo og avisa Die Zeit inviterer barn og unge til å teikne og måle korleis dei opplever koronasituasjonen. Teiknaren av dette bildet er ukjent. Foto: Det Internasjonale Barnekunstmuseet

Inviterer barn til å teikne koronasituasjonen

Den tyske avisa Die Zeit og Det Internasjonale Barnekunstmuseet i Oslo inviterer barn og unge over heile verda til å teikne og måle korleis dei opplever situasjonen med koronaviruset.

Barnekunstmuseet i Oslo ønskjer at barn og unge skal uttrykkje seg gjennom kunsten om korleis dei opplever at liva deira plutseleg er endra med koronaviruset.

Fordi det no godt kjende koronaviruset spreier seg over heile verda, jobbar museet aktivt med fleire partnarar i verda som kan spreie bodskapet og vere med på dette. Barnekunstmuseet håper på ei internasjonal barnekunst-rørsle som kan dokumentere det som skjer no også for framtida. 16. april blir prosjektet publisert i avisa Die Zeit, og på nettsida til Barnekunstmuseet og via ulike sosiale medium.

Artikkelen held fram under annonsen.

The Washington Post i USA, det britiske barnemagasinet «Anorak», avisa «The Straits Times» i Singapore og barneavisa «Joca» i Brasil har fram til no stadfesta at dei vil spreie invitasjonen vidare.

– Midt i denne spesielle tida er det mange daglege forandringar i samfunnet, men også håp og usikkerheit. Mange gler seg når livet kjem tilbake til normalen og sjølv om dei fleste blir friske, har barn og unge mykje på hjartet som vi håper dei ønsker å dele, skriv Barnekunstmuseet.

(©NPK)

Det Internasjonale Barnekunstmuseet i Oslo og avisa Die Zeit inviterer barn og unge til å teikne og måle korleis dei opplever koronasituasjonen. Foto: Det Internasjonale Barnekunstmuseet