Mot: Vinjeordførar Jon Rikard Kleven (Sp) er ikkje tilhengar av å innføre makspris i Noreg.

– Eg er imot makspris på straum

Straumprisane skapar både fortviling og debatt, og nå tek fleire ordførarar i landet til orde for innføring av makspris på straum. VTB har ikkje funne begeistring for nasjonal makspris blant ordførarane i Vest-Telemark.

VTB har spurt alle dei seks ordføraren i Vest-Telemark om kva dei meiner om innføring av makspris på straum, og om dei meiner det bør innførast tilskot eller støtteordningar til næringslivet. Tre av ordførarane har svart, og det er lite entusiasme for ei innføring av nasjonal makspris å spore.

– Straumsituasjonen er ei nasjonal utfordring og må løysast nasjonalt. Eg er imot makspris på straum, og eg meiner den ordninga regjeringa har innført med 90 prosent støtte over 70 øre er ei god ordning, seier ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven (Sp).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein kan alltid drøfte kva innslagspunktet skal vere, men ein maksimalpris er det mange som åtvarar mot i høve til marknaden, legg han til.

Fyresdal har ordførar frå regjeringspartnaren til Senterpartiet, nemleg Arbeidarpartiet, og heller ikkje denne ordføraren har trua på at makspris på straum er ei god løysing.

– Nei, alle ekspertar seier at det er ei dårleg ordning, seier Erik Skjervagen.

Som einaste kommune i regionen, har Tokke fastpris for sine innbyggarar så her er både næringsliv og privatpersonar skåna for høge straumrekningar.

– Tokke kommune har ei ordning med makspris på straum. Den er på 38 øre eks. mva. og avgifter. Eg har ikkje noko synspunkt knytt til om det bør innførast ei slik ordning i Sør-Noreg, seier Tokkeordførar, Jarand Felland (Sp).

Les også
Norske kraftmagasin

Han tek eit lite steg til sida for maksprisdebatten, og uttalar seg generelt om dagens straumsituasjon.

– Noreg har ein totalproduksjon av elektrisitet på om lag 150 TWh i eit normalår. Til samanlikning produserer Statkraft i Tokke og Vinje om lag 5 TWh. Styresmaktene har lagt til rette for at folk kan nytte straum til oppvarming privat og at næringslivet har tilgang til rimeleg straum. Dei to åra har me ferdigstilt om lag 2800 MW kapasitet med eksport til Tyskland og England. Dette gjer at Noreg i praksis importerer prisnivået frå Nord-Europa. Det er ikkje greitt, for då mister norsk næringsliv litt av sitt konkurransefortrinn, meiner Felland.

– For Noreg sin del må vi regulere marknaden. Kablane til kontinentet har stort sett berre vore nytta til eksport av straum frå Noreg. Importen har vore låg. Føresetnaden for bygging av kablane var at det skulle vere kraftutveksling og ikkje berre eksport. Regjeringa må difor avgrense den omfattande eksporten av straum, legg han til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ja til støtte til næringslivet

Dei høge straumprisane pregar næringslivet, og mange etterlyser ei støtteordning. I Vest-Telemark har mellom anna Mogens Hougaard Iversen i Aasmundsen bakeri fortald om straumutgifter som er tredobla, og meiner politikarane alt er seint ute.

Dei tre ordførarane i Vinje, Tokke og Fyresdal er samde om at det bør innførast ei støtteordning for næringslivet.

– Eg ønskjer ei straumstøtte til næringslivet. Eg både forventar og stolar på at regjeringa finn ei god løysing på korleis, for det er ei vanskeleg øving å få til ei ordning som både treff, er rettferdig og som ikkje kan utnyttast, seier Skjervagen.

Også Kleven poengterer at ei støtteordning til næringslivet må treffe dei som faktisk treng det.

– Det bør innførast straumstøtte også til næringslivet. Vinje kommune har hatt ei eiga ordning på det, men dette er også ei nasjonal utfordring som må løysast nasjonalt. Etter det eg forstår kjem regjeringa med straumstøtte til næringslivet, men det er viktig at dei kjem med ei ordning som treff dei som treng det. Det ville til dømes vore rart om utanlandske selskap som produserer kryptovaluta i Noreg skal få straumstøtte av Staten. Eg har difor forståing for at regjeringa har brukt noko tid på ei ordning som treff godt, seier Kleven.