Ein 13-åring får her første dose med Pfizer-vaksine på Bjerke vaksinesenter i Oslo. Immunolog Anne Spurkland meiner at vaksineringa av yngre barn bør starte allereie no. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Immunolog: Vaksinering av fleire barn bør starte allereie no

Barna på mellom fem og elleve år bør få koronavaksine allereie no, meiner immunolog Anne Spurkland. Ho meiner omikronvarianten gjer at vi ikkje bør vente.

Koronavaksinen vart førre veke godkjend for bruk på barn mellom fem og elleve år. Men først i januar skal Folkehelseinstituttet avgjere om Noreg skal vaksinere barna våre. Det meiner Spurkland er for lenge å vente, ifølgje P4.

– No ser det òg ut som vi får eit skifte av koronavirus, som smittar meir og som vi veit veldig lite om. Så dette valet bør foreldre få ta allereie no, seier Spurkland, som er professor og immunolog ved Universitetet i Oslo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei siste vekene er det i aldersgruppene seks til 19 år at smitten har vore høgast.

(©NPK)