Hjelper: Frivilligsentralen og helsestasjonen i Fyresdal vil vera med å bidra til at flest mogleg får ei fin jol.

Ikkje alle har råd til å kjøpe gåver til barna. Det vil frivillige i Fyresdal hjelpe til med.

Frivilligsentralen og helsestasjonen i Fyresdal går saman for at flest mogleg skal få ei fin jol.

– Jola skal vere ei tid for glede, det er ei glede å få gåver, men kanskje ei endå større glede, ligg i det å glede andre, melder frivilligsentralen på Facebook-sida si.

Saman med helsestasjonen vil dei gjere ein innsats i samband med jola i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me veit at mange, av ulike årsaker, ikkje alltid kan innfri alle ønska som barna har til gåver. Me veit og at det er mange som har lyst til å glede andre. Me har difor tenkt at vi skal prøve å gjere noko med dette, informerer Ågot Takle i Fyresdal kommune.

Ho seier foreldre som gjerne vil glede barna sine med ei gåve, men ikkje ser seg i stand til å kjøpe den gåva i år, kan sende ein e-post til frivilligsentralen med eit gåveønske. I e-posten skriv ein alder og kjønn på barnet, i tillegg til gåveønsket.

– Dette vil vere heilt anonymt, og dei forskjellige ønska vil bli hengt opp på eit tre i sentrum den 12. desember, og så kan alle som har lyst til å glede eit barn plukke ein lapp og kjøpe ei av gåvene, forklarar Takle, som understrekar at alle som er involvert i prosjektet har teieplikt.

Fristen for å sende e-post er fredag 11. desember.

Laurdag vil det vera ulike gåveønske på lappar på joletreet i sentrum. Dei som ynskjer å gje ei gåve kan plukke opp ein lapp, kjøpe gåva, og levere den på frivilligsentralen i Fyresdal eller hos Telemark Lys i næringshagen.

Takle seier det i annleis-året 2020 er naturleg med eit slikt initiativ, og ho håpar dette kan bli noko som heile Vest-Telemark kan samle seg om i framtida.