I dag er det skotårdag – 3 600 personar kan endeleg feire bursdag på ekte

3 648 personar i Noreg kan i dag feire bursdagen sin på ekte for første gong på fire år. I dag viser nemleg kalenderen skotårdag.

Per 1. januar 2024 var det registrert 3 648 personar i Noreg med fødselsdato 29. februar, opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB) til NTB.

Kvart fjerde år er skotår, som altså består av 366 dagar – med den «skjulte» datoen 29. februar. For at kalenderen skal komme i lage igjen, må året få ein ekstra dag kvart fjerde år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Datoen er, av naturlege årsaker, dagen då færrast har fødselsdag.

SSB opplyser at det til saman vart registrert 161 personar i Noreg som vart fødde på dei to siste skotårsdagane i høvesvis 2016 og 2020.

Flest i Akershus – nest færrast i Telemark

I staden for å måtte leggje bursdagsfeiringa si til 28. februar eller 1. mars, er det altså i dag tusenvis av nordmenn som omsider kan feire bursdagen på den opphavlege fødselsdatoen sin.

Og Akershus er fylket med flest busette som har fødselsdag på skotårsdagen, med 508 personar. Oslo har 456 personar, medan talet i Vestland fylke er 424.

Færrast skotårbarn er det i Finnmark, med 52, medan Telemark har 109.

Blant kjende personar som har bursdag 29. februar, er mellom anna tidlegare skihoppar Bjørn Einar Romøren, tidlegare spydkastar Andreas Thorkildsen, den britiske songaren Susan Boyle og Barcelona-spissen Ferrán Torres.

(©NPK)