NAV: Illustrasjonsfoto.

I både Fyresdal, Tokke og Vinje er arbeidsløysa under 2 prosent

Flest ledige er det i Kviteseid.

Det viser juli-tala frå Nav Vestfold og Telemark. I Kviteseid var 48 personar utan arbeid ved utgangen av juli. Det utgjer 3,8 prosent av arbeidsstyrken.

Samla var 170 vesttelar utan jobb ved utgangen av juli. Færrast ledige er det i Tokke (1,5 prosent av arbeidsstyrken). Men også Vinje og Fyresdal har mindre enn 2 prosent ledige.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Vestfold og Telemark er 5 prosent utan arbeid. Same prosenten er det på landsbasis. Det er berre Oslo og Viken som har høgare arbeidsløyse enn Vestfold og Telemark. Det er flest ledige i dei store byane, melder Nav i ei pressemelding.

På det meste under koronakrisa var vel 21 000 innbyggjarar i fylket heilt utan jobb. Det er dobbelt så mange som det er i dag (10 401).

Ledige i Vest-Telemark

Seljord 43 ledige (3,0 prosent)

Kviteseid 48 ledige (3,8 prosent)

Nissedal 17 ledige (2,2 prosent)

Fyresdal 12 ledige (1,8 prosent)

Tokke 18 ledige (1,5 prosent)

Vinje 32 ledige (1,6 prosent)

Totalt: 170