Ekstremvêr og flaum vil skje hyppigare i tida framover enn det som har vore normalt tidlegare, ifølgje hydrolog Elin Langsholt. Her frå ein flaum i Glomma i mai 2018. Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK

Hydrolog: Ekstremflaum vil skje hyppigare

Fleire europeiske land blir ramma av den verste flaumkatastrofen i moderne tid. Slike flaumar vil skje hyppigare framover, også her i Noreg, åtvarar hydrolog.

Minst 100 personar har mista livet som følgje av ekstremvêret i Tyskland og Belgia, og mange er sakna. Ekstremvêret, som blir omtalt i Belgia som ein hundreårsflaum, vil skje hyppigare i tida framover, også her til lands.

– Vêret endrar seg. No blir vêret varmare på grunn av klima- og miljøforandringar, seier senioringeniør Elin Langsholt ved hydrologisk avdeling i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) til NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein studie frå i fjor, der også norske vassdrag var inkluderte, viste at dei siste 30 åra har vore mest prega av flaum dei siste 500 åra.

Allereie i dag blir Noreg prega av meir styrtregn enn det som var vanleg for berre 30 år sidan, ifølgje Langsholt, som seier at enkelte delar av landet peikar seg ut.

– Flom kan skje i heile landet, men det er på Austlandet at risikoen er størst. Der har ein dei store elvane som Glomma og Drammensvassdraget, seier ho.

(©NPK)