Huseiernes Landsforbund vil ha enda høgare straumstøtte. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Huseiernes Landsforbund vil ha høgare straumstøtte

Huseiernes Landsforbund ønskjer seg at straumstøtta slår inn frå prisar på 50 øre per kilowattime, framfor 70 øre som er der ho slår inn i dag.

– Dagens straumstøtteordning er eigentleg ganske godt konstruert, men ho slår inn på eit for høgt prisnivå. Vi meiner ho bør dekkje 100 prosent når spotprisane er over 50 øre, seier generalsekretær Morten Andreas Meyer i Huseiernes Landsforbund til NRK.

I dag dekkjer straumstøtteordninga til staten 80 prosent av rekninga over 70 øre per kilowattime.

– Vi må ha to tankar i hovudet samtidig. Trygg økonomisk styring er det viktigaste verktøyet vi har for å motverke skyhøgt rentenivå. Derfor er vi skeptiske til å endre innslagspunktet til 50 øre, som vil gi betydeleg auka statleg pengebruk, svarer statssekretær Elisabeth Sæther (Ap) i Olje- og energidepartementet.

(©NPK)