Det kjem ikkje til å bli aldersgrenser på intensivbehandling i Noreg, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H). Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

Høie avviser aldersgrenser på intensivbehandling

Den norske helsetenesta kjem ikkje til å setje aldersgrenser for intensivbehandling, seier helseminister Bent Høie (H).

Han viser til at Italia har sett ei aldersgrense på 60 år for intensivbehandling.

– Slike aldersgrenser kjem vi ikkje til å setje i Noreg, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi tek ikkje avgjerder om behandling berre ut frå alder i den norske helsetenesta. Det har vi ikkje gjort til no, og det skal vi heller ikkje gjere framover. Alle pasientar skal bli vurdert individuelt, uansett helsetilstand, alder og diagnose, seier Høie.

(©NPK)