Vinden har rive ned gjerdet på ridesenteret.

Tre jenter og ein drill fiksar det i ein fei.

– Det er veldig fint å få jobbe her!

Hest betyr mykje – men det beste er menneska

Sigrid Rui har sett generasjonar av raulendingar oppleve kva hest og riding kan bety. I sitt syttande og siste år som eigar av Rauland ridesenter har ho elleve ungdomar i stallstaben.

Publisert Sist oppdatert
Stallbikkja heiter Mímir og er like rebelsk som politikaren han er oppkalla etter. Sigrid har vurdert å slenge på etternamnet Moxnes, sidan Mímir er fæl til å stele hanskar og anna frå kundane på ridesenteret.

For to år sidan var Sigrid klar for å setje kroken på døra for ridesenteret i Rauland, men Vinje kommune ville det annleis. 

Dei la fyrst ein og ein halv million kroner på bordet for å halde drifta i gang, og nå har dei vedtatt å kjøpe ridesenteret.

– Dei er verkeleg framoverlente, det skal dei ha, smiler Sigrid. Ho og stallbikkja Mímir sit i kantina på ridesenteret som ho framleis driv enn så lenge. 

I dag er hesten Karesini på besøk i Rauland, og spring fritt rundt i ridehallen – til Sigrid hankar han inn for fotografen.

Det er roleg nå rundt klokka 14 ein torsdag. Alle hestane er ute i paddockane, unntatt ein som er på besøk berre i dag og galopperer rundt i ridehallen på andre sida av kantineglasrutene.

«Je tæk aille elleve»

Tidlegare har det vore både fire og fem tilsette på ridesenteret, men frå hausten 2025 vart Sigrid heilt åleine om drifta. Kor vegen vidare skulle gå etter 2026 var i det blå, noko som har prega Sigrid dette rideskuleåret.

– Det har vore eit venteår i limbotilstand.

Sjølv om framtida har vore uavklart, så må hjula svive. Fôre og môke må ein kvar bidige dag, og framleis er det opplegg for AiR-deltakarar to føremiddagar kvar veke, pluss at det har vore ein føremiddag med skulegardelevar i ein periode, og så er det jo rideskule ettermiddagar og kveldar frå måndag til torsdag. 

Sigrid trong hjelp, og bestemte seg for å bruke pengane ho hadde fått frå kommunen til å gje litt attende. Ho lyste ut stalljobbar til bygdas ungdom, og elleve søkte. 

Sigrid tilsette alle saman. 

Ailin Romtveit Berdalen er ein av elleve lokale ungdomsskuleelevar som har jobba på ridesenteret i Rauland dette skuleåret.

Løn året etter? Kva er vitsen med det?

Plutseleg er det tre jenter på plass i stallen, sjølv om berre ein av dei skal på jobb, og det er tre kvarter til skiftet hennar startar.

Dei nytilsette ungdomane fekk lære om skattekort, kontrakt, løn og feriepengar.

– At løna kom etterskottsvis var veldig skuffande for ungdomen. Og feriepengar var det raraste dei hadde høyrd om. Betalt året etter, liksom, ler Sigrid.

Bank-ID, bankkonto, frikortgrense – for nokre var alt nytt. Sigrid lærte også mykje sjølv av tiltaket – for reglane for så unge tilsette som 13-14-åringar er strenge. Berre to timar kan dei jobbe på skuledagar, og berre fire timar elles.

I dag er det skuledag, og dagens ungdomsskift startar klokka halv fire. Det er ein time til, men det er tydeleg at forseintkoming ikkje er eit problem her i garden. Skulen i Rauland sluttar fem på halv tre, og klokka er knapt kvart på tre når dei fyrste ungdomane dukkar opp. 

Ailin skal på jobb halv fire, medan Vårin ikkje har arbeidsdag i dag – ho har ridetime halv seks. Ekaterina har ikkje ridetime og er for ung til å bli tilsett, men ho også liker å vere i stallen og gjere ting. 

Gjerdefiksarane

Ute i stallgangen har Sigrid hengt ei liste med dagens oppdrag. Fyrste punkt er å ta inn hestane.

– Det kan eg gjere, seier Ailin.

Når hestane er sett i boksane sine og har fått av seg dekkena, er det klart for neste jobb: Fikse straumgjerdet som vinden har blåst ned. 

Ailin hentar inn Eminent og Amy.
Ta inn hestar – check. Neste jobb: Fikse gjerde.

Ailin, Ekaterina og Vårin finn fram drill og går ut til paddockane, der dei dreg ut stikkontaktane til gjerdestraumen og set i gang med å stramme opp det flagrande bandet.

Tre jenter og ein drill fiksar det nedblåste gjerdet, f.v. Vårin Frantzen, Ailin Romtveit Berdalen og Ekaterini Safarikas. Av desse er det berre Ailin som er på betalt jobb – dei to andre hjelper til fordi det er moro å fikse ting. Så spørst det kor mykje effekt det er att i tråden som er skrudd rett inn i gjerdet – men den flagrar i alle fall ikkje laust i vinden lenger.

– Trur du det er lurt å legge det der, spør Ailin då Ekaterina legg det eine straumbandet direkte på tregjerdet og set skruen klar. 

Drrrr, så er det festa. 

– For seint, gliser Ekaterina.  

Hest er nest best

Om ikkje alle oppdrag blir heilt 100 prosent, så er Sigrid veldig glad for hjelpa ho får frå dei unge. 

– Det eg liker best med å jobbe med hest, er å vere med menneske, smiler ho.

Etter 17 år med rideskuledrift er alle menneska ho har fått følge over tid – ikkje minst fleire generasjonar barn og unge – det største ho tek med seg vidare.

– Å sjå dei bli meir sjølvstendige, å sjå dei bruke omsorgsgenet. Sjå at dei erfarer at ein må bruke tid for å skape noko. At dei tør å utfordre seg sjølve, og merkar at dei kan klare det, seier Sigrid.

Men det er ikkje slik at ein berre kan setje seg på ein hest og at det automatisk gjev ei oppleving av meistring.

– Mange kan også oppdage sin eigen sårbarheit. Oppdage at dei har store murar og at ein må tore å kjenne på at ting kan vere sårbart.

Ein katt eller hund vere eit godt stimuli for menneske – slik ein til dømes kan sjå når ein besøkshund er på ein sjukeheim. Slik er det med hest også, forklarar Sigrid.

– Berre at hesten er eit mykje større stimuli.

Då kan frykta og sperrene bli større – men det same blir meistringsopplevinga.

Hundar er eit stimuli for folk – og hestar er eit mykje større eit.

Kva nå?

– Nå skal ridesenteret snart bli kommunen sitt. Kva skjer med ungdomane då – må dei seiast opp?

– Så langt har eg ikkje tenkt, ler Sigrid.

Etter påske blir det eit møte om overtakinga, og den erfarne ridesenterdrivaren har litt medkjensle med næringssjefen, som plutseleg skal drive ridesenter.

Men ho reknar ikkje med å sleppe alt på dagen. Rideskulen vil truleg gå som før fram til sommaren, medan det stakast ut ein veg vidare.

– Har du ein deal der du er sikra jobb her vidare, kanskje?

– Nei, kjem det kontant frå Sigrid.

Om det blir aktuelt å søke om jobb her for henne vidare kjem an på retninga. Viss det blir berre turistriding, så trur ikkje Sigrid ho er så brukandes. 

– Då må dei nok heller finne ein Lars Monsen i hesteversjon.

Når VTB seier takk for oss har også David Chung Fossli kome på jobb på ridesenteret; han leitar etter ein hammar, men Vårin finn den fyrst. Sigrid vil vere arbeidsgjevaren deira endå ei stund – og så startar eit nytt kapittel med kommunedrive ridesenter.
Powered by Labrador CMS