Astrid brukar ikkje lang tid på å gjere ei teskei om til ein ring.

Her lagar Astrid ein av vårens store hittar. – Alt du treng er ei teskei

Den siste tida har det blitt populært å gjenbruke gamle sølvskeier. På kort tid forvandlar sølvsmed Astrid Søftestad ei teskei til ein skjerfring.

Publisert Sist oppdatert


Det har lenge vore ein trend å gjere om gamle sølvskeier til ringar, men den siste tida har det også blitt ein trend å gjere om sølvskeier til skjerfringar. 

Trenden merkar Astrid Søftestad på Sølvsmedtunet i Vrådal. Ho har hatt mange kundar i vinter som ønsker å gjere om ei sølvskei til ein skjerfring – ein ring som ein både kan bruke til silkesjalet mange brukar til bunaden, eller på eit sjal ein brukar meir til kvardags. 

Her er teskei i telesølv gjort om til ein skjerfring.
Lise Bjerkelund viser at ein også kan bruke skjerfringer sjølv om det ikkje er bunad som er dagens antrekk.

–Hyggeleg med gjenbruk

– Sølv er morosamt fordi du kan resirkulere det, og ei teskei er nok, fortel Astrid. 

Ho har fleire ulike teskeier liggande på verkstaden, men det er særleg skeiene i telesølv som er mest populære. Ho fortel at telesølv er svært populært over heile Austlandet. 

– Folk er veldig glade i akantusrosa, seier Astrid. 

Akantusrosa finn me i mange delar av verda. I Noreg vart den vanleg i treskjering og rosemåling, og er den velkjende rosa som me kjenner så godt frå telesølvet. 

Nokon kundar ønsker å få fleire ting ut av ei skei – det kan både vere ring og andre smykke, medan andre ønsker å bruke heile skeia som skjerfring. 

Når ei teskei skal bytte bruksområde til skjerfring, hentar Astrid hammaren. Ho byrjar med skeibladet og hamrar det flatt. Astrid hamrar laus, men er ikkje redd for å øydelegge noko. Sølvet toler mykje og er veldig fleksibelt, derfor er det også så godt eigna til gjenbruk. 

Om kunden vil ha ring utan skeibladet tek ho det av, men Astrid synest det er stilig å behalde bladet – då får nemleg ringen litt meir volum. 

Etter bladet er flatt smir ho på ambolten. Det er fordi skeibladet er såpass breitt at ho ikkje har maskiner som er breie nok. Då må hendene gjere jobben. Ho kan også varme opp sølvskeia, då blir den mjukare og lettare å jobbe med. 

Snart er den vesle teskeia som er ein sjølvsagt ingrediens i mange kaffiselskap forvandla til ein skjerfring – ein fin detalj når bunaden skal på.

– Eg synest det er hyggeleg med gjenbruk. Eg vil heller at folk brukar tinga om igjen som noko anna enn at det blir smelta om, meiner Astrid. 

Ho synest også det er artig at folk har eigne idear om kva dei vil bruke skeiene til – det viser ei glede over det gamle, at dei ønsker at bestemors gamle sølvskeia skal bli ein del av tilbehøyret til bunaden for eksempel. Og skjerfringane fenger alle slags folk – både menn og kvinner med alle slags bunadar.



Powered by Labrador CMS