Den instagramvenlege badstova på Tangane på Dalen, som er teikna av eit designteam og bygt av Skorve entreprenør, er kledd med trespon.
Den instagramvenlege badstova på Tangane på Dalen, som er teikna av eit designteam og bygt av Skorve entreprenør, er kledd med trespon.

Her er «Soria Moria» – Bandak si eiga badstove

Åtte år etter at Seljord fekk sin eigen sauna som alle kan nytte, står badstova i Tokke klar til bruk. Ulikt bygningen i Seljord, som ligg bortgøymt i ein sving på Garvikstrondi, tronar «Soria Moria» godt synleg uti Bandak.

Går ein inn på internettsida til Visit Seljord, turistinformasjonen i Seljord, ligg det opplysningar om badstova i Vebekkdalen, som ligg like ved garden Nes på Garvikstrondi. Det vesle huset, som er ein klassisk sauna i tre, kostar 300 kroner å leige i døgnet. Då Vest-Telemark blad kikka innom nettsida denne veka var fire datoar i oktober, to i november og to i desember okkuperte. Noko oversyn over kor mykje badstova har vore utleigd årleg sidan opninga i oktober 2010, har ikkje kommunen, men kultur- og næringssjef Asbjørn Storrusten veit det er grupper som brukar tilbodet meir eller mindre fast.

Prosjektleiar Gry Kivle i Visit Seljord fortel at saunaen til saman har vore booka kring tretti døgn inneverande år, mest i vintermånadane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Somme er turistar, medan andre brukarar er lokale. Av lokale brukarar er det fleire frå Bø enn frå Seljord, seier prosjektleiaren.

Kunstinstallasjon i malmfuru

Saunaen på Dalen, som har fått namnet «Soria Moria», skal opnast i slutten av oktober. Ifylgje Språkrådet er det uvisst kvar namnet skriv seg frå, men det er peika på likskap med finsk suuria muuria, som tyder ‘store steinhus’. Noko steinhus er det definitivt ikkje som har reist seg på Tangane på Dalen. Bygningen er ein kunstinstallasjon av malmfuru som står fast på pålar som er bora djupt, så djupt at det blei ei budsjettoverskriding. Badstova på Dalen var fyrst planlagt å skulle vera vedfyrt, slik den i Seljord er, men dette blei endra.

Plan- og næringssjef Gunhild Austjord fortel at utbyggjarane kom fram til at det ville vera meir praktisk med elektrisk oppvarming, som kan fjernstyrast med ein app på telefonen. Kor mykje det skal koste å leige bastova på Tangane er enno ikkje klart. Austjord fortel at det i vinter vil vera ei prøveordning med utleige av «Soria Moria».

– I prøveperioden skal badstova leigast ut til redusert pris. Det kan også bli aktuelt å halde ope ein kveld for ålmenta, seier plan- og næringssjefen i Tokke.

Økonomisk overskriding

Auka kostnadar til oppvarming, i tillegg til ekstrautgifter i samband med at det måtte pålast djupare, har ført til ei overskriding på minst ein halv million kroner. I utgangspunktet skulle Tokke kommune betale 600 000 kroner av kunstprosjektet, som var kostnadsrekna til totalt 5 millionar kroner. No blir altså installasjonen dyrare. Den rekninga skal delast likt mellom kommunen og Telemarkskanalen regionalpark, som er eit interkommunalt samarbeid.

Heile sauna-prosjektet på Dalen er eit speleiselag mellom Telemarkskanalen regionalpark, Telemark fylkeskommune, Sparebankstiftinga DNB, Tokke kommune og nokre andre mindre aktørar. Når badehusanlegget no står ferdig til offisiell opning torsdag 25. oktober reknar kommunen ikkje lenger med å ha nokon større utgifter til badstova.

– Me meiner dei årleige driftsutgiftene, som straum til ljos, ovn og golvvarme, blir veldig små, og reknar med å få inn att dette gjennom utleiga, seier Austjord.

Billig i drift

Erfaringa frå Seljord kommune er at det ikkje er store utgifter knytt til drifta av badstova.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har vore nokre innbrot der, men skadane har vore minimale, seier Storrusten.

Saunaen på Garvikstrondi kan leigast via internettsida til Visit Seljord. Når betalinga er stadfesta, får leigetakaren oppgjeve ein kode til nøkkelskapet som står plassert ved saunaen.

Korleis den praktiske utleiga av badehuset på Dalen skal skje, er enno ikkje heilt avklart.