Folkestadbyen: Folkestadbyen i Fyresdal sentrum.

Her er det nesten ingen arbeidsledige

Igjen er det i dei seks kommunane i Vest-Telemark arbeidsløysa er lågast.

Aller lågast er arbeidsløysa i Fyresdal. 0,3 prosent av arbeidsstyrken er utan arbeid, viser februartala frå Nav. Dette er så lågt at Nav ikkje kan opplyse om kor mange personar i kommunen som er arbeidsledige.

I Kviteseid er 0,8 prosent utan jobb (10 personar), i Seljord er talet 1,0 (14 personar). Dei åtte utan jobb i Nissedal utgjer 1,1 prosent av arbeidsstyrken.

Artikkelen held fram under annonsen.

I både Tokke og Vinje er 1,2 prosent utan jobb. Det er høvesvis 13 og 24 personar.

Størst arbeidsløyse i fylket er det i Kragerø. Her er 3,0 prosent utan jobb, melder Nav i ei pressemelding.

I februar var 5 199 personar registrert som heilt arbeidsledige i Vestfold og Telemark (2,5 prosent). Det er høgast i heile landet.

– Sjølv om Vestfold og Telemark er det fylket med høgast del arbeidsledige, er lediggangen historisk låg. Det har vore ein nedgang i talet på ledige stillingar også, men likevel er jobbmoglegheitene mange. Derfor er det viktig å ikkje sjå avgrensingane, men moglegheitene for dei som skal ta utdannings- og yrkesval nå, seier direktør i Nav Vestfold og Telemark, Anders Anundsen, i ei pressemelding.