Det kan vere vanskeleg å hugse alle stadane ein har gått dei siste 48 timane. Difor rår no helsestyresmaktene folk til å notere ein oversikt over ruta, i tilfelle det trengst i smittesporingsarbeid. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK

Helsestyresmaktene rår folk til å notere kvar dei ferdast i tilfelle smittesporing

Folk blir no rådd til å notere seg kvar dei har ferdast gjennom dagen for å ha betre oversikt dersom ein skulle bli ein del av ein smittesporingsprosess.

Dersom ein testar positivt på covid-19, må ein nemleg opplyse om kvar ein har vore og kven ein har vore saman med dei siste 48 timane.

– Då vil ei notisblokk og ei oversikt over kvar ein har vore vere til stor hjelp. Både for ein sjølv når ein skal hugse på det, men ikkje minst så vil det gå fortare for kommunane å kartleggje det i sitt smittesporingsarbeid, seier assisterande helsedirektør Espen Nakstad til P4.

Artikkelen held fram under annonsen.

Smittesporing er viktig for å kunne hindre eller avgrense eit eventuelt smitteutbrot, men det kan vere svært krevjande arbeid, påpeikar Nakstad.

– Sjølv om ikkje vi kan oppmode alle til å byrje å føre dagbok, så er det klart at viss ein er mykje i kontakt med menneske og trur ein kan ha risiko for å bli smitta, så er det til hjelp at ein veit kvar ein har vore, seier han.

(©NPK)