Akershus universitetssjukehus på Lørenskog er det sjukehuset i landet som har flest innlagde pasientar med koronasmitte. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix / NPK

Helsedirektoratet: 70 koronasmitta pasientar ligg i respirator

266 koronasmitta pasientar er no innlagde på sjukehus i Noreg. 70 av dei får behandling i respirator, det er 13 fleire enn onsdag, opplyser Helsedirektoratet.

Talet på innlagde pasientar har auka med 29 det siste døgnet.

Flest er det ved Akershus universitetssjukehus, som har 49 koronasmitta pasientar innlagde, sju fleire enn onsdag.

Deretter følgjer Vestre Viken helseføretak med 41, mot 32 onsdag. Oslo universitetssjukehus har tredje flest innlagde med 33. Det er like mange som onsdag.

Blant helseføretaka er flest, 200 pasientar, innlagde ved Helse sør-aust, 27 fleire enn onsdag. 52 av dei får behandling i respirator. Deretter følgjer Helse vest med 47 innlagde pasientar, tolv i respirator.

Helse Midt-Noreg har éin færre koronapasient innlagd enn onsdag, totalt tolv, fire av dei i respirator. Helse nord har sju innlagde pasientar, to i respirator.

Til samanlikning var det 237 innlagde koronapasientar ved norske sjukehus onsdag. 57 av dei låg i respirator.

Sjukehusa registrerer talet på innlagde pasientar med påvist koronavirus kvar dag klokka 8.

(©NPK)