Denne elgen er foreviga av Google-bilen.
Denne elgen er foreviga av Google-bilen.

Hels på elgen som var på rett stad til rett tid

Då Google-bilen køyrde og fotograferte Vråvegen i Vrådal til Google Street View i april 2010, trefte dei på ein elg i skogkanten.

Den er ikkje så god å få auge på, noko som truleg er grunnen til at «nyheita» kjem no, ni år etter at bilen køyrde Vråvegen. 

Men, der står den altså, i skogholtet rett attmed vegen og kikkar beint i kamera. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Om det er den litt dårlege kvaliteten eller ein god, gamaldags sladd som gjer at den er vanskeleg å identifisere er ikkje godt å seie, men sjansane er vel store for at me ikkje hadde klara det likevel. 

Det finst eit par spørsmål me aldri får svar på: 

1. Lever denne elgen framleis?

2. Var det eit planlagt stunt frå elgen si side?  

Me får håpe svaret er ja på båe spørsmål.