Halldis: Statuen av Halldis Moren Vesaas utanfor kommunehuset i Vinje. Illustrasjonsfoto.

Heiter du Halldis? Politiet åtvarar mot målretta svindelforsøk

Vest politidistrikt gjekk sundag kveld ut med ei åtvaring mot svindelforsøk, frå ein person som utgjev seg for å vera frå Økokrim. Legg på, oppmodar politiet.

– Særleg damer som heiter Haldis er utsett i kveld, ukjent kvifor, skriv politiet i oppdateringa.

Operasjonsleiar i Vest-Politidistrikt, Eivind Hellesund, fortel til VG at personane som har blitt ringde har blitt bedne om å oppgje personnummer og bank-ID, med forklaring om at nokon har prøva å opprette lån i fornærma sitt namn. Politiet avviser at Økokrim vil ta kontakt på denne måten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Anten du heiter Haldis eller ikkje, er ikkje dette Økokrims arbeidsmetode, seier Hellesund til VG.

Har ringt både Haldis og Halldis

Hellesund opplyser om at Vest politidistrikt har blitt ringt av tre forskjellige Haldis-ar, som alle har blitt kontakta av «ein fyr som seier han er frå Økokrim».

Politiet har eitt klart råd til dei som blir ringt: Legg på med ein gong.

Både dei som stavar namnet med éin og to l-ar har blitt utsette for svindelforsøket, og det er ikkje avgrensa til Vestlandet. VG fortel om Halldis Kirkeng frå Drammen, som vart ringt opp måndag førre veke. Kirkeng vart ringt opp av ei dame, som ho omtaler som «utruleg proff».

Det er i dag dryge 1 500 personar som har anten Haldis eller Halldis som fyrste eller einaste fornamn i Noreg, høvesvis 1 091 og 477.