Heimeskule for elevane på ungdomstrinnet i Seljord måndag

I møte med beredskapsleiinga sundag kveld blei det bestemt at alle elevar ved Seljord ungdomsskule skal ha heimeskule/ikkje møter på skulen måndag.

Det melder kommunen på heimesida si sundag kveld.

Bakgrunnen er dei nye restriksjonane regjeringa offentleggjorde sundag. Då blei alle dei vidaregåande skulane og ungdomsskulane kategorisert som raudt nivå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen fylgjer tilrådinga frå regjeringa og innfører «raudt nivå» for elevane på ungdomstrinnet. Elevane vil få nærmare informasjon om dette i løpet av måndag 4.1.21,» melder kommunen.

Barnehage og barneskule

Elevar i barnehagane og på barneskulen møter som vanleg då desse framleis er på «gult nivå». Kommunen minner om dei generelle retningslinene for godt smittevern.

Vaksenopplæringa

Digital undervisning frå og med måndag 4.1.2021.

Kulturskulen

Det blir ikkje tilbod måndag 4.1.21. Oppdatert informasjon kjem i løpet av morgondagen.

Nissedal kommune

Nissedal kommune har kome med fylgjande status sundag kveld:

Etter eit auka smittetrykk i landet har det no kome nye reglar og anbefalingar frå nasjonalt hald.

For Nissedal kommune vil ungdomsskulen gå over til raudt nivå frå måndag 4. januar. Elevane møter som vanleg på skulen og vil få meir informasjon.

All aktivitet i fleirbrukshuset vil bli stengt fram til 18. januar.