Heile Sør-Noreg må førebu seg på nedbør til helga

Sommarvarmen lèt vente på seg ei stund til. Meteorologane ventar mykje nedbør framover, spesielt i sør, men heller ikkje nord i landet slepp ein unna.

I mai månad var det 22 såkalla høgsommardagar i Noreg, altså at gradestokken målte over 25 grader. Men sjølv om vi er på god veg inn i juni, har det varme vêret no teke ein lang pause.

– Neste høgsommardag blir nok ei stund til. Det blir ein svak stigande trend utover i juni. Det er moglegheit for at vi er oppe i 25 grader mot slutten av juni, seier vakthavande meteorolog Julie Solsvik Vågane til NTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Inn mot helga må store delar av landet belage seg på ustabilt vêr.

Er venta nedbør i heile Sør-Noreg

På laurdag trekkjer eit lågtrykk inn frå sør, og det er berre å ta fram paraplyen.

– Heile Sør-Noreg må vere førebudd på nedbør, gjennom laurdag og søndag er det dei som får støyten, seier den vakthavande meteorologen.

Det er venta at temperaturen vil liggje på 15 til 18 grader ein del stader, og ein må vere førebudd på lokalt kraftige byer.

På Austlandet må ein også belage seg på tore. Vestlandet slepp unna torebyene, men også der blir det ein del nedbør.

Tørrast i Trøndelag

Tysdag vart det sett sju stasjonsrekordar for døgnnedbør i Trøndelag. Mot helga lettar nedbøren, og det er venta temperaturar rundt 20 grader.

– Vêrvinnarane denne helga er vel dei som får minst nedbør, og det er i Trøndelag det blir det tørrast, seier Vågane.

Heller ikkje i nord slepp dei unna nedbøren, men temperaturen går litt opp i løpet av helga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I nord må ein vere førebudd på torevêr spesielt i indre strøk laurdag og søndag, seier Vågane.

(©NPK)