Snø skapte problem. Trafikken går nå som normalt over Haukelifjell

Snø på Haukelifjell har ført til glatte vegar på E134, som blei mellombels stengd i påvente av salting.

– Det snør på Haukelifjell, og på omkøyringsvegen for Haukelitunnelen er det no så glatt at trafikken må vente til det er salta. Dette kan ta opp mot 2 timar, skriv Vegtrafikksentralen sør på Twitter like før klokka 9.

Meteorologane melder at det er nysnø i sikte, men roar med at vinteren ikkje er her heilt enno. Det har falle litt snø på nokre av fjellovergangane i Sør-Noreg, mellom anna Sognefjellet.

Det er allereie sendt ut gult farevarsel om snø i høgfjellet i Sør-Noreg.

– Trafikken går nå gjennom Haukelitunnelen med ledebil. Det vil seie at trafikken går som normalt over Haukeli, melder Vegtrafikksentralen, kort tid etter.

(©NPK)