Har varsla politiet etter våpentrussel mot Tenestetorget

I dag blei Tenestetorget i Vinje oppringt av ein person som ville reise til Vinje med ein sekk våpen fordi kommunen hadde kome med «krigsfråsegn mot han».

Det opplyser Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven på Facebook torsdag.

«Risikovurdering av slik kontakt er det politiet som må ta, og ikkje Vinje kommune. Politiet er difor varsla. Alle skal vite at dei som jobbar på Tenesteorget har gjort ein fantastisk jobb i denne krisa etter 12. mars, Dei har fått mykje kjeft, trugslar om erstatningssøksmål mot seg personleg og no ein stygg trugsel om våpenbruk. Dei svarar alle høfleg og saklig, og er alltid blide når eg stikk nedom. Eg sett umåteleg stor pris på innsatsen dei gjer,» skriv ordføraren der han også linkar til eit intervju i Dagbladet med tittelen «Blir kalt nazi-ordfører».

Artikkelen held fram under annonsen.

Til VTB seier Kleven at dei ikkje tek nokon sjansar når det kjem slike meldingar, og let det vera opp til politiet å finne ut meir om alvorsgraden i trusselen.

– Nå må folk ta seg saman, ein må byrje å lure på kva som går av folk, seier Kleven.

Kleven rosar dei tilsette på Tenestetorget som opplever eit sentralbord som går varmt om dagen. Sjølv får han dagleg opp mot 100 meldingar, men han veit at dei i fyrstelina hos kommunen får endå fleire.