Ann Kristin Dybedal driv kafeen Eldhuset.

Har fått beskjed om å stenge: – Det kjennest urettferdig

Kafedrivar Ann Kristin Dybedal – og ikkje minst kundane hennar – er oppgitte over at leigeavtala på Telesenteret i Seljord er sagt opp.

Publisert Sist oppdatert

– Er det tull? Nei, dette øydelegg heile helga mi.

Kafegjest Inger Groven har akkurat fått vete at kafeen Eldhuset på Telesenteret må stenge. Ann Kristin Dybedal, drivar og dagleg leiar, seier til VTB at ho ikkje fekk noko forvarsel før oppseiinga av lokala til kafeen kom torsdag denne veka. 31.12 må dei vere ute av senteret.

– Me blei spurt av senterleiar om å kome hit tidleg i sommar. Me starta frå botn og har bygd opp kafeen på dugnad. Eg synest det er utruleg trist at me ikkje får fortsette, fortel ho.

– Har blitt så glad i folka her

Etter fleire år med kafear til og frå på senteret, har Dybedal og kollegaene hennar Anita Andersen og Johan Aslak Dybedal Fegri, fått kafeen til å svinge. Dei serverer tradisjonsmat frå botn, leverer take-away til eldre og driv catering, og har mange fornøgde faste kundar.

– Me har hatt arbeidstrening for ungdom og vaksne. Planen var å utvide og få inn fleire. Me har også jobba med eit gåvekort-prosjekt til familiar med stram økonomi. Me ville bidra inn i fellesskapet. 

Nå har dei i staden fått beskjed om at dei ikkje får vere med i fellesskapet på senteret, fordi ei forretning treng lokala. Etter å ha spurt seg litt rundt skjøna dei at det er apoteket som skal utvide.

– Det kjennest urettferdig. Og me har blitt så glade i folka her, seier Dybedal.

Groven, som nesten set kaffien i halsen når ho får høyre nyheita, seier: «Det går ikkje an!»

– Me forlanger å ha kafe her!

Toralf Groven fortel at dei er veldig glade i kafeen, og seier det er godt å ha ein stad å kvile.

– Dette var veldig skuffande å høyre.

Inger og Toralf Groven set stor pris på Eldhuset.

– Folk forventar kafe

Fleire av kundane laurdag blir svært overraska.

– Eit senter utan kafe – nei, då er det noko som manglar. Det høyrast merkeleg ut. For senteret sin del ser eg ingen fordel. Dette var trist, seier Gunnar Lauvstad.

Halfdan Haugan er einig.

– Eg trudde alle senter hadde behov for kafe. Då må dei heller byggje om. Folk forventar kafe på eit senter, det blir tafatt utan, seier han.

Dybedal fortel at ho har kome med forslag om å dele opp lokalet.

– Me kan møtast på midten. Me kan tilpasse oss det som er mogleg.

– Kva fekk du til svar?

– Nei. Eg blei veldig lei meg.

Ho fortel at ho har blitt så glad i bygda og folka, at ho til og med har vore inne på tanken å flytte. 

– Eg bur på Notodden nå, og har fem barn under 18 år. Seljord hadde vore ein fin plass å flytte til. Eg er på fornamn med mange på kafeen, me har mange faste kundar. Detta skulle bli vår plass. 

Tårene pressar på, og ho seier ho har klump i halsen. 

– Det er ikkje greitt, dette.

At dei må ut før nyttår skildrar ho som krise.

– Me får ikkje avslutta på ein god måte. 

Halfdan Haugan og Gunnar Lauvstad vil ha kafe på Telesenteret.

Avsluttar avtala

Kyrre Eftedal er eigedomssjef og dagleg leiar i VT-eiendomsforvaltning AS som eig Telesenteret i Seljord. Han stadfesta fredag at leigekontrakten med kafeen er sagt opp og blir avslutta 31.12.2025. 

Han grunngjev oppseiinga med at det er behov for å omdisponere lokala til ein av dei andre leigetakarane dei har på senteret som har fått eit auka arealbehov.

– Kva tenker de om at senteret blir utan kafe, nok ein gong? 

– Det har oppgjennom åra vore mange aktørar som har forsøkt seg med kafe på Telesenteret. Generelt har det vist seg vanskeleg å drive kafe, som det elles også er på veldig mange andre senter. 

Han seier at leiinga, saman med leigetakarane på Telesenteret, får drøfte behovet og sjå om dei kan finne løysingar. 

– Slik at dei som ynskjer det i alle fall kan få seg ein kaffikopp.

Ingen planar om sal

Søndre Viken AS kjøpte det 5175 kvadratmeter store Telesenteret i 2003. Selskapet eig mellom anna også PP senteret, Hovenga senter, Gulset senter, Ulefoss senteret og 52 prosent i Bratlandsbygget i Åmot.

Tidlegare denne veka publiserte avisa Kanalen at Søndre Viken AS har varsla leigetakarane på Ulefoss senteret om at dei vil selje aksjane i løpet av 2026. Me spør difor Eftedal om selskapet vurderer sal av Telesenteret også.

– Søndre Viken AS har avgjort å selje to eigedommar, Eriksen & Hansen Holding AS i Larvik og Ulefossenteret i Nome. Det er ingen planar om å selje Telesenteret, seier Eftedal.

Det er mange kafegjestar innom Eldhuset laurdag. «Dette går ikkje an, nå må dei gje seg!» går i jamn repetisjon.

– Kafeen er viktig for dei, seier ein rørt kafedrivar.

Powered by Labrador CMS